Jannicke Lindvik.

Kva ordskifte tener vindkraftdebatten?

Vi har respekt for dei som ikkje ønskjer vindkraft i norsk natur, og for dei som gir uttrykk for denne motstanden – om det så er i kommentarfelta eller i fredfulle demonstrasjonar. La det vere klart; vi ønskjer debatten velkommen. Men etter fleire innlegg den seinare tida – i debattinnlegg og aksjonssider i sosiale media – med ei lang rekke usanne og villeiande påstandar, har vi spurt oss sjølve: Ønskjer verkeleg motstandarane at dette skal prege debatten?

For å ta for oss nokre av dei urimelege påstandane frå dei siste par vekene her: Nei, vi nektar ikkje å forholde oss til avtalar med grunneigarar. Nei, vi bygger ikkje kraftlinje på toppen av Hornelen. Nei, vi har ikkje sett i gong svertekampanjer mot lokale motstandarar. Nei, prosjektet på Bremangerlandet vil ikkje forgifte drikkevatnet til bygda. Nei, det vil heller ikkje rasere store areal med terrengdekkande myr. Nei, det vil ikkje øydelegge “telekommunikasjonssignal for deler av Vestlandskysten”. Nei, vi har ikkje starta ulovleg bygging av veg på Stad. Nei, vi snor oss ikkje unna vegutbetring som er blitt lova lokalbefolkninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påstandane har den siste tida nådd fleire titusen eller hundretusen i ulike mediekanalar på kort tid og blir ukritisk gjentatt og delt.

Vi aksepterer som sagt motstanden, men skulle ønskje at begge partar søkjer ein mest mogleg ryddig og sakleg debatt. Der finst mange nok rasjonelle argument både for og mot vindkraft til å forsvare synspunkta til både tilhengarar og motstandarar, utan at ein treng å bygge haldningane på feilaktig og misvisande informasjon. Alle som deltek i debatten har eit ansvar for å skape eit raust, inkluderande og etterretteleg debattklima.

Gjennom meir enn 100 år har SFE vore ein viktig samfunnsbyggar, produsent og leverandør av fornybar energi. Vi er stolte av våre 260 dyktige tilsette som kvar einaste dag bidreg til å forsyne samfunnet med fornybar energi, og som skapar store verdiar for våre offentlege eigarar, for lokale lag og organisasjonar, og for lokalsamfunna vi er ein del av. Verdiskapinga byggjer vi på våre felles naturressursar, og vi er ein stor offentleg aktør. Derfor skal vi tole kritikk, men tillet oss likefullt å seie ifrå når kritikken ikkje lenger er rettkomen eller sann.

Jannicke Lindvik,

konserndirektør kommunikasjon SFE.