Kva er i ferd med å skje i Nordfjord?
Røde Kors-laga i Nordfjord meiner totalberedskapen i samfunnet i åra framover må byggast opp, ikkje svekkast. Difor vil på det sterkaste advare mot at skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus blir bygd ned, stikk i strid med råd og signal frå nasjonalt hald, i den mest dramatiske tida for Noreg og for samfunnstryggleiken sidan andre verdskrigen.
Statsminister Støre sine ord i nyttårstalen var; «vi må vere førebudde på at krig kan ramme Norge». Sterke og skjelsettande ord!
Vi opplever no ei sterk satsing både militært og i det sivile samfunn. Store ressursar blir brukt til å tenke ut kva som i kan skje ekstremsituasjonar, krig, ulukker eller ved flytting av store folkemengder i landet vårt.
Vi blir oppmoda til å tenke beredskap ned til det aller minste nivå, med eige beredskapslager i heimane, nabohjelp, sjølvstendige grender, bygder og by-samfunn. Tanken er klar; skulle det gå gale, må alle trå til og alle må i størst mogeleg grad klare seg sjølve. Vi kan og må ikkje lite på at storsamfunnet står klart til å hjelpe.
Beredskapsbastionen Nordfjord sjukehus stod ferdig 23. juni i 1936. Tre månader etter opninga vart Nordfjord sjukehus råka av den største naturtragedien vi har opplevd i landet vårt. Fjell rasa ut. Flodbølga sopte med seg det som var. Lodalsulukka kravde 74 menneskeliv. Sjukehuset vårt fekk sin elddåp. Den bestod dei med glans. Vi hadde fått vår beredskapsbastion, av høg kvalitet.
Røde Kors er den største beredskapsorganisasjonen i landet. Vi er klar til å trå til når det trengst. 26.000 medlemer øver, tenker- og handterer beredskap. Vi tar oppgåva vår på det største alvor, så også i Nordfjord. Vi tenker gjennom ulike scenario, kva som kan kome til å skje og korleis handtere dette. Planane og investeringane våre er klokare og meir gjennomtenkte enn før.
Kva er så i ferd med å skje i Nordfjord?
Helse Førde har sett fram forslag om å bygge ned noko av det viktigaste med lokalberedskapen vår; skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus.
Dette skjer i beredskapsåret 2026. Samstundes som landet vårt bygger opp all beredskap! Det blir for oss eit stort paradoks: at Helse Førde tenker motsatt, at totalberedskapen i vår region ikkje skal byggast opp, tvert imot nedtrappast og reduserast. Stikk i strid med dei råd og signala som kjem frå regjering og nasjonalt hald.
Nordfjord sjukehus har vore gjennom mange tilpasningar og endringar gjennom tidene. Vi har i dag eit velfungerande lokalsjukehus. Med høgkompetent akuttberedskap innan indremedisin og velfungerande laboratorie- og røntgentenester. Vi er glade for at sjukehuset har fått ny MR-maskin og står stekare rusta grunna den. Vert det snarleg installert ny CT-maskin ved sjukehuset, vil røntgenavdelinga vere godt rigga for framtida. Svært mykje knytt til beredskapen ved Nordfjord sjukehus vil då vere på plass, og ein skadepoliklinikk med spesialisert kompetanse knytt til anestesiologi og ortopedi vil komplettere beredskapen i Nordfjord.
Ulukker og hendingar skjer ikkje berre i «kontortida». Dei skjer 24 timar i døgnet, helg som yrkedagar. Vi veit vel at all beredskap må byggjast rundt tryggleik 24 timar i døgnet 365 dagar i året.
Skadepoliklinikken er ein av dei viktigaste sambindingsfaktorane for lokal beredskap. Ein reduksjon i tilbodet ved denne, vil ha store skadeverknader for beredskapen i Nordfjord. Dersom styret i Helse Førde vedtek å innskrenke aktiviteten og bygge ned ein høgkompetent skadepoliklinikk, vil dei samstundes ta i frå oss sikkerhetsbasen vår.
Røde Kors har ei viktig oppgåve i også å forutsjå, førebygge og hindre farar. Dette skrivet er ein del av dette arbeidet. Vi vil sterkt advare mot det som nok kan skje, og ber Helse Førde og nasjonale styresmakter sikre tryggleiksbastionen vår i ei usikker tid.
For alle lokallaga i Nordfjord:
Selje Røde Kors v/lokallagsleiar Signy Myller
Vågsøy Røde Kors v/lokallagsleiar Rhina Kvalheim
Svelgen og Bremanger Røde Kors v/lokallagsleiar Lise Fjellstad Buset
Eid Røde Kors v/lokallagsleiar Dag Sætren
Stryn Rød Kors v/lokallagsleiar Per Eilert Ommedal
Olden Røde Kors v/lokallagsleiar Ingunn Myroldhaug Skarstein
Vikane Røde Kors v/lokallagsleiar Grete Hilde
Gloppen Røde Kors v/lokallagsleiar Hege Tjønneland