– Her er sju grunnar til å stemme på Arbeidarpartiet

I haust står vi framfor eit viktig vegval. Etter åtte år med aukande forskjellar er det på høg tid at vi får ei regjering som prioriterer vanlege folk. m du er usikker på kva du skal velje, så ønskjer eg å dele sju grunner til at du bør stemme på Arbeidarpartiet!

1: Kutte utslepp og skape jobbar

Artikkelen held fram under annonsen.

Klimaet er vår tids største utfordring: No trengs det større ambisjonar. Samtidig er det avgjerande at folk får bli med på omstillinga i staden for å bli parkert på perrongen. Difor treng vi ein rettferdig klimapolitikk som spelar på lag med industrien og fagfolka.

2: Heiltid skal vere regelen

Du får ikkje etablert deg med ei 40% stilling: Alle skal ha rett på heile, faste stillingar. Uansett om du jobbar i industrien eller eldreomsorga, så er det heiltid som skal vere regelen. Difor vil Arbeidarpartiet opprette ein statleg heiltidspott og løfte retten til heiltid inn i arbeidsmiljølova.

3: Halvere ferjeprisane

Ferjeprisane har blitt for dyre: Det gir konsekvensar her for alt frå familiar og frivilligheit til næringsliv og arbeidsplassar. Det er det på høg tid å gjere noko med. Difor vil Arbeidarpartiet halvere ferjeprisane.

4: Rimelegare SFO

SFO er utruleg viktig: Ein trygg plass for barna å vere etter skulen, leike og få seg venner. Men det er ikkje alle familiar som har råd til å sende barna sine i SFO. Difor vil Arbeidarpartiet gjere SFO-en rimelegare for alle, og gratis for 1. klassingane.

5: EØS og arbeidsplassar

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi lever av eksport: Enten det er metall, fiskeri eller leverandørindustri, så er det avgjerande at vi ikkje køddar med EØS-avtalen. Arbeidsplassane våre skal vi ta vare på, og det vil eg og Arbeidarpartiet vere ei tydeleg stemme for!

6: Gratis psykisk helsehjelp til alle under 25 år

Det er lov å møte veggen: Det har i alle fall skjedd meg. Det som er viktig er at ein får hjelp når ein treng det. Tilboda skal vere lågterskel, og ikkje minst for ungdom. Difor vil Arbeidarpartiet at psykisk helsehjelp skal vere gratis for alle under 25 år.

7: Ein skule der alle kan lukkast

Vi treng ikkje fleire reformer: Ikkje fleire refleksjonsnotat, og heller ikkje avskilting av lærarane. Det skulen vår treng no er at lærarane våre får tid og tillit til å undervise og sjå den enkelte eleven sine behov. Det er dette som betyr noko, og det vil eg og arbeidarpartiet bidra til.

No er det du som bestemmer! Dette valet blir både jamt og spennande, så no må vi mobilisere for alt det er verdt. Takk for at du ville lese litt meir om Arbeidarpartiet.

Eg ønskjer deg eit riktig godt val!