
Har vi gløymt barnehagane?
Alt byrjar i barnehagen. Det er her ein legg grunnlaget for leik, læring og utvikling. Likevel har barnehage vore nesten fråverande i årets valkamp. Når temaet først kjem opp, blir det ofte redusert til ein diskusjon om pris. Dette meiner Venstre er ei misforstått prioritering. Kvaliteten i barnehagen avgjerast ikkje av prisen foreldra betalar, men av om barna møter nok og kompetente vaksne som har tid og overskot til å sjå kvar enkelt barn.
I staden for å bruke milliardar på å senke prisen, òg for familiar med høg inntekt, vil Venstre prioritere betre bemanning og høgare kompetanse. Det er dette som gir barna den barnehagen dei fortener. Dagens moderasjonsordningar og gratis kjernetid fungerer godt og sørgjer for at ingen står utanfor barnehagen av økonomiske grunnar. Universell prisreduksjon er dårleg bruk av fellesskapets ressursar, og svekkjer moglegheita til å satse på det som faktisk betyr noko for barn og tilsette.
Det er no tre enorme utfordringar i barnehagesektoren:
- Kritisk låg bemanning
- Skyhøgt sjukefråvær
- Full brems i rekrutteringa av nye barnehagelærarar
Venstre vil heve kvaliteten i barnehagen ved å styrke bemanninga, ikkje berre på papiret, men i heile opningstida. I dag ser vi at bemanningsnorma berre dekker delar av dagen, fordi tilsette òg skal ha pausar, planleggingstid og møte. Når sjukefråværet i tillegg er høgt og vikarar er umogleg å få tak i, står for få vaksne att med altfor mange barn. Slik kan vi ikkje ha det dersom vi meiner alvor med kvalitet i barnehagen.
Vi vil auke delen barnehagelærarar, satse tungt på etter- og vidareutdanning og gjere det enklare for assistentar og fagarbeidarar å bli barnehagelærarar – gjennom Y-vegar og fleksible studieløp som kan kombinerast med jobb. Slik held vi på dyktige tilsette og gir dei reelle karrieremoglegheiter i barnehagen.
Eg skal gjere det endå meir konkret: I staden for å bruke milliardar på å redusere prisen for dei med god råd, går Venstre til val på å:
- Sikre minst 2000 fleire årsverk i barnehagane
- Gi gratis heiltidsplass for barn i familiar med låg inntekt
- Slette studiegjeld for dei som vil bli barnehagelærarar
Barnehageleiarar har eit stort ansvar for både barn, tilsette og fagleg utvikling. Venstre vil styrke leiarrolla ved å sikre at styrarane får tid og rom til å utøve godt leiarskap – med fokus på kvalitet, fag og menneske. God leiing er avgjerande for å byggje sterke fagmiljø, redusere sjukefråvær og skape ein arbeidsplass der tilsette ønskjer å bli.
Ein god barnehage gir barn ein trygg start i livet, og legg grunnlaget for læring og utvikling vidare i skuleløpet. Då må vi prioritere dei vaksne barna møter. Venstre vil ha ein barnehage prega av fagleg styrke, profesjonell leiing og eit arbeidsmiljø som gjer det mogleg å bli – og å vekse – i jobben. Det er slik vi gjer barnehagen betre – for alle.
Elias Slåtten,
3. kandidat, Venstre Sogn og Fjordane