Heradsplassen. Illustrasjonsfoto.

– «Grisetakling på overtid» eller om å bruke utestemma

Høyringsrunden går for eit av dei største, private byggjeprosjekta i kommunen. Eit prosjekt som har store konsekvensar for korleis Sandane blir. Som vil definere «indrefileten» i kommunesenteret vårt. På godt og vondt. I Firda Tidend 16.4. får Fico v/Valaas-Breivik bruke utestemma som reaksjon på administrasjonen sitt framlegg til vedtak og Samfunnsutvalet si tilråding i saka.

Les også
Fryktar nye pålegg vil stogge FICO AS sine utbyggingsplanar

Fico sitt prosjekt dekker 18 daa av arealet mellom Kraftbygget og fjorden. Det første store byggjesteget, EXTRA-bygget, legg beslag på vel 3 daa utanom parkeringsareal. Bygget blir nær nabo til Gloppebua og Heradsplassen. Og vil, saman med Heradshuset og «Banken», ramme inn og definere kulturstripa, aksen frå Firda vidaregåande skule til fjorden. Det området som er og framleis skal vere ein samlingsplass i kommunesenteret, på tvers av aktivitetar og generasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå denne plassen vil EXTRA kunne framstå som ein lukka bygning. Ingen aktiv fasade ut mot «torget» vårt. Fico snur seg med andre ord vekk frå kommunesenteret sitt vandre- og myldreområde, ved å plassere inngangen mot søraust. Og bidreg dermed ikkje til å styrke det uttalte ønsket om å gjere Heradsplassen til eit aktivum for Sandane.

Les også
– Ei grisetakling på overtid

Det burde derfor ikkje forundre Fico v/Valaas-Breivik at det kom krav om inngang til EXTRA-bygget frå Heradsplassen, altså mot nordaust. Dette burde etter mitt syn vore svart ut FØR saka kom til kommunen. Heradsplassen/kulturstripa sin funksjon var kjent før Fico starta sitt planarbeid. Det er grensande til arroganse ikkje å ta omsyn til dette i planarbeidet. Eit fleital i Samfunnsutvalet stemte for kravet. Berre H stemte imot.

Eit signal om at vi ventar at utbyggjar stør opp om ei sentrumsutvikling, der vandre-/myldreområdet står sentralt, er altså eitt element i «grisetaklinga». Valaas-Breivik sparer ikkje på krutet.

Samfunnsutvalet sitt fleirtal vil ikkje påleggje Fico å byggje 2. etasje med bustadar no eller gjere parkeringsplassane som er knytte til EXTRA tilgjengelege for offentleg parkering. Dette er vedtatt med stemmer frå H, Sp og Ap. Legg ein det til grunn, vil eit fleirtal i kommunestyret stå bak vedtaket. Eit vedtak i tråd med Fico sitt framlegg. Ei «grisetakling»?

Les også
– Vert det lagt til rette for bu- og næringsutvikling i Sandane sentrum?

Det som står att av «grisetaklinga» blir då vedtaket som følgjer administrasjonen sitt framlegg om å stille krav om bilpool, om ladepunkt for El-bil, om at 80% av bueiningane opptil 50 m2 skal utformast som «tilgjengeleg bueining», og at offentleg parkanlegg skal vere opparbeidd før ein kan ta i bruk 1. etasje (næringslokala). Dette blei vedtatt mot H si stemme og ei stemme frå Sp (underteikna). Saman kan partia dermed sikre eit fleirtal i kommunestyret for at Fico ikkje må møte desse krava. Føresett at partigruppene våre røyster slik vi gjorde.

Det er etter mi vurdering ingen grunn til å bruke utestemma i frykt for at administrasjonen sitt framlegg skal bli vedtatt:

• Bilpool er ei privatsak. Vi stiller ikkje krav overfor ein utbyggjarar om å etablere ei slik ordning.

• Eiga forskrift regulerer tal bueiningar som skal vere universelt utforma og krav om ladepunkt for el-bil. Eg ser ingen grunn til at kommunen skal stille strengare krav enn forskrifta gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Det er urimeleg å krevje at parkanlegget skal vere klart før bruksløyve kan bli gitt for næringsarealet. Det kravet må følgje bygging av bueiningane, når dei ein gong kjem.

Saka er til politisk handsaming no. Eg trur at Fico v/Valaas-Breivik står seg på å ha tillit til den politiske prosessen og til politikarane si evne til å forstå kva som er rimelege krav å stille og kor smertegrensa går for ein utbyggjar. Så skal eg ha tillit til at Fico forstår kvifor ein inngang til Extra-bygget frå nordaust/Heradsplassen er viktig.

Marit Larssen

nestleiar i Samfunnsutvalet/Sp