Måleri laga av artikkelforfattaren sin bestefar, Johan Fossheim, rundt 1912.

- Glacier Gondol vil gje heile bygda eit etterlengta lyft

Som 16-åring var eg i 1960 så heldig å få sommarjobb i resepsjonen på Skei Hotel i lag med den eineståande og legendariske hotellverten Jon Skrede.

Jon var ein mann som la vekt på å ha god kontakt med kvar einskild turist, og dersom dei hadde spesielle ynskemål, gjorde han heile tida det han kunne for å oppfylle dei.

Jon var oppteken av å utvikle tilbodet til gjestene, og allereie første året synte han meg planar som han hadde fått utarbeidd for ei gondolbane frå Lunde opp til Jostedalsbreen. Eg vart invitert med han til eit møte med grunneigarane på Lunde.

Ein kan trygt seie at dei planane som no ligg føre, er ei vidareføring av planar som den visjonære hotellmannen Jon Skrede hadde for 65 år sidan.

Sidan den gongen har eg vore aktiv deltakar i turistbransjen kvar einaste sommar. Noko som eg har lært, og blitt minna om i alle desse åra, er den utrulege tiltrekkingskrafta Jostedalsbreen har på utanlandske turistar. Heile sommaren har eg svara på spørsmål om breen, om måten å kome seg til breområdet, og kvar turistane kan få den beste utsikta til denne viktige attraksjonen.

For om lag 100 år sidan fylte breen ein stor del av Lundebotnen. No har brearmane trekt seg så langt tilbake at opplevinga turistane får, er veldig redusert. Prognosane for åra framover er dystre, og ein må berre innsjå at området vårt er i ferd med å misse ein vesentleg faktor for å tiltrekkje seg utanlandske turistar.

Det prosjektet som Sunnfjord kommune no har lagt ut på høyring, kan ikkje berre bøte på dette, men vil skaffe Sunnfjord kommune ein av dei største turistattraksjonane i landet. Glacier Gondol vil styrkje overnattingsbedriftene og gjere resten av turistnæringa meir lønsam. Dette kan ikkje Sunnfjord kommune seie nei til.

Til slutt vil eg peike på kor viktig det er for området vårt å få tilført nye arbeidsplassar. Folketalet i Jølster har vore om lag uendra i mi tid, og det skuldast hovudsakleg at det har vore krevande å utvikle nye arbeidplassar etter kvart som behovet for arbeidskraft i jordbruket har vorte redusert. Skei miste om lag 30 kompetansearbeidsplassar ved kommunesamanslåinga, og eit tilsvarande tal ved nedlegginga av HV 10. Staten gav Jølster kommune 9 millionar som kompensasjon for å prøve erstatte forsvarsarbeidsplassane som forsvann, men det har synt seg vanskeleg å få til.

No har ein altså høvet til å få tilført indre Jølster eit betydeleg tal nye arbeidsplassar som vil skape ny optimisme i bygda. Det vil føre til behov for tomter og nye hus, og det vil styrkje skulen som nyleg vart sett under press. Heile bygdesamfunnet vil få eit etterlengta lyft. Dette kan bli fantastisk. 

Hallvard Viken

Powered by Labrador CMS