Fyldig juleavis

Som ein integrert del av dagens avis, får du Firda Tidend Jul. Det er ein lang tradisjon at vi gjev ut ei ekstra fyldig avis rett før jul, og for at fjernabonnentane skal få henne i tide til kyrkjeklokkene ringjer om ettermiddagen julaftan, har vi valt tysdag framfor siste utgjevinga før høgtida komande fredag til føremålet denne gongen.

Å lage juleavis er kjekt for alle involverte. I ein ganske så hektisk aviskvardag, der dagane gjerne går med til å ta unna saker som fortløpande dukkar opp, politiske møte og anna som høyrer med i ei god lokalavis, er det fint å kunne setje av tid til å lage litt «mjukare» saker, kome nær innpå innbyggjarar i Gloppen og Jølster og formidle gode historier.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Firda Tidend Jul kan du lese om fem spreke pensjonistar frå Gloppen som fredagar i snart ti år har teke turen til Nordfjordeid for å hjelpe til i drifta av NMS Gjenbruk-butikken der, eit arbeid dei tykkjer er gjevande og kjekt.

Vi har vore ein tur til Berg i grenda Svidal i Jølster, der to generasjonar saman driftar gardsbruket. No er ny fjøs under bygging, ein fjøs som skal ha plass til både sauer og kyr.

I Hyen er det blitt ein tradisjon at elevar og lærarar ved skulen steller i stand fest for innbyggjarane i bygda når det lakkar og lir mot jul. Vi hengde oss på årets utgåve av festen som inneheldt mellom anna eit flott program og juletregang.

Mange gler seg til jul, men det er også dei som ikkje gjer det – av ulike grunnar. Prosten i Nordfjord, Mari Saltkjel, fortel at jula er ein forsterkar av det gode og det vanskelege for oss alle.

I år er det 100 år sidan Sandane bedehus blei bygd. Møtepunkt B, som såg dagens lys i 2018 og er eit kristent fellesskap knytt til Normisjon, tok over drifta av bedehuset i 2020. Vi var med på jubileumsgudsteneste og har snakka med nokre av eldsjelene i fellesskapet.

Dei fleste har ein eller fleire hobbyar. Sjølv om det for lengst har kome på marknaden langt meir moderne hjelpemiddel for å lytte til musikk, bankar Ola Tarjei Kroken og Vegard Hjartholm sine hjarte for vinyl og den gamle platespelaren. Dei to musikkinteresserte karane har utvikla eit eige konsept, «Vinyl med noko attåt», og inviterer jamleg til musikk- og plateprat på Lauget kaffi og kultur på Sandane.

Jan Kåre Fure likar å lage kryssord. Det er vi i Firda Tidend så heldige å få dra nytte av. Også til denne jula har han laga eit to-siders, lokalt kryssord som lesarane våre kan bryne seg på. Tar du sjansen og kastar deg ut i det?

Vi håpar og trur at Firda Tidend Jul fell i smak og kan bidra til trivelege lesestunder i godstolen eller sofakroken i tida som kjem. Og er du mellom dei som les alt i éin gong og fort er klar for meir lokalt lesestoff, er vi på plass med nye papiraviser fredag 22.- og fredag 29. desember. Og nettsida vår www.firdatidend.no blir sjølvsagt dagleg oppdatert på det som skjer i Gloppen og Jølster.

Artikkelen held fram under annonsen.

God lesnad!