– For Høgre er det avgjerande at arbeidsløysa ikkje bit seg fast

Sjølv om oljepengebruken har bidrege til at Norge hittil har klart seg betre enn dei fleste andre land, er det klart at pandemien vil påverke arbeidsmarknaden i lang tid. Arbeidsløysekrisa er først og fremst ei krise i det private næringslivet. Nesten alle permitterte kjem frå privat sektor. Då treng vi politikk for sysselsetting i privat sektor.

Denne krisa skil seg litt frå tidlegare kriser. Unge og dei med kortare utdanning og mindre formelle kvalifikasjonar blir råka hardare. I Vestland som i resten av landet, er servicenæringa, butikkar og reiseliv hardast råka. Det er ein naturleg konsekvens av kva for bransjar som er hardast råka av smittevern-restriksjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg har klart å handtere pandemien og konsekvensane av den betre enn mange andre land. Dette skuldast vår felles innsats og tilliten vi har til kvarandre. Vi har unngått å hamne i situasjonar vi har sett i mange andre land, der helsesystema er blitt overbelasta. Samtidig går det òg betre med norsk økonomi enn det gjer i mange andre land. Vi må likevel gjennomføre tiltak som ikkje berre løyser dei akutte problema, men som også bidreg til å møte dei langsiktige utfordringane folk og næringsliv opplev. Når samfunnet har vore pålagt strenge smittereglar og delvis har vore stengt i nærmare eitt år, er vi særleg uroa for dei unge som enten har mista verdifull tid på skule og studium, eller som slit med å kome seg inn på arbeidsmarknaden.

For Høgre er det avgjerande at arbeidsløysa ikkje bit seg fast. Vi veit ikkje korleis arbeidsmarknaden vil sjå ut når krisa er over, men for mange er det ikkje sikkert at dei kan kome tilbake til same type jobb med same type arbeidsoppgåver. Derfor må vi sikre at dei som står utanfor i dag får moglegheita til å bygge ny kompetanse.

Eitt av tiltaka regjeringa no gjennomfører er å gjere det råd å kombinere dagpengar med utdanning. Vi veit at utdanning og fagkompetanse er ein av dei viktigaste føresetnadane for å få jobb i Noreg. Vi må sørge for at dei som er ledige i dag får kompetansen bedriftene etterspør i morgon. Vårt mål er å hjelpe flest mogleg av desse bedriftene til å halde seg flytande under krisa, slik at dei raskt kan kome tilbake den dagen samfunnet opnar igjen. Vi treng livsgrunnlaget dei utgjer for lokalsamfunn i heile landet.

Å handtere koronakrisa betyr også å førebu landet på tida etter korona. Vi har mange kloke hovud og flittige hender i dette landet som både kan og vil jobbe. Då må vi sørge for at desse jobbane er der og kan skapast også etter krisa, og at folk får moglegheit til å opparbeide kunnskapen og kompetansen dei treng for jobbane.

Krisa er ikkje over, men vaksineringa er i gang og vi kan skimte den normale kvardagen i horisonten. Saman skal vi klare oss, og saman skal vi løfte oss i tida etter korona. Noreg skal tilbake på topp – og på vegen dit skal vi skape meir og inkludere fleire.

Ove Trellevik (H) stortingsrepresentant

Olve Grotle (H) stortingskandidat