– Fleire menneske med nedsett funksjonsevne må få ein jobb å gå til

Norsk arbeidsliv skal ha plass til alle. Dette gjeld uansett om du har hol i CV-en eller har nedsett funksjonsevne. For at fleire som Nina skal få delta i arbeidslivet, må fleire arbeidsgivarar vere med på inkluderingsdugnaden.

I helga kunne ein lese i Firda at Nina Roska (30) frå Førde fekk videohelsing på bursdagen sin frå statsminister Erna Solberg. I gebursdagshelsinga trekte statsministeren fram at Nina Roska gjer ein kjempejobb i ein barnehage i Førde, der ho lagar mat til barna. Vidare at ho arbeider i kantina på rådhuset i Førde. Der sørgjer ho for at tilsette og besøkande får god og sunn mat i eit hyggeleg miljø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har tidlegare skrive om kantinedrifta på rådhuset. Ikkje berre fordi den er så god og populær og med ei uvanleg kjekk betjening, men òg fordi den er eit så godt eksempel på kor bra det kan bli når vi får med oss personar med ulike typar utfordringar inn i arbeidslivet. Eg kjenner godt til Nina og den flotte innsatsen ho gjer saman med dei andre på Førde ressurssenter, som driv kantina.

Nina Roska er på mange måtar heldig som ikkje berre har éin, men fleire arbeidsplassar å gå til. Det er ikkje alle menneske med nedsett funksjonsevne som har. Dei største forskjellane i samfunnet er mellom dei som har ein jobb og dei som står utanfor. I dag står det altfor mange menneske utanfor. Menneske som ofte kan og vil bidra, men som har ulike føresetnadar for å delta. Dette er først og fremst ei utfordring for den enkelte fordi arbeid og livskvalitet heng saman, men òg eit stort tap for oss alle. Arbeid skaper fellesskap, er inkluderande og byggjer samfunn. Derfor må vi bli endå betre til å sjå evner og moglegheiter, og ikkje problem og avgrensingar.

Høgre vil ha eit arbeidsliv som har plass til alle. Derfor har regjeringa sett i gang «inkluderingsdugnaden», der målet er å hjelpe fleire som står utanfor samfunnet, tilbake i jobb. Denne dugnaden har tre område det skal satsast på: Senke terskelen og gjere det lettare for arbeidsgivarar å tilsette folk med ulike utfordringar, vidareutvikle satsinga på arbeid og psykisk helse, og gi fleire sjansen til opplæring som kvalifiserer til arbeid.

Staten skal gå først, og har forplikta seg til at fem prosent av alle nytilsette skal vere menneske med enten nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Men staten kan ikkje løyse dette problemet aleine. Vi er heilt avhengige av at fleire arbeidsgivarar opnar dørene for menneske som kan og vil jobbe. Arbeidsgivarar er ein viktig del av inkluderingsdugnaden og vi treng fleire som ser verdien av mangfald.

Regjeringa har òg satsa på ei auke i tal på VTA-plassar (varig tilrettelagt arbeid), samstundes som ein stimulerer til at fleire ordinære arbeidsgivarar skal ta inn personar med nedsett funksjonsevne. Vekstbedriftene var tidlegare kjent for å tilby oppbevaring og aktivitet, medan det i dag i større grad er verdiskaping og faktisk arbeid som står i fokus.

Ein annan viktig del i inkluderingsdugnaden er individuell jobbstøtte (IPS). Dette er ei ordning for personar med psykiske helseplager eller rusproblem, der kommunen, spesialisthelsetenesta og Nav-kontoret jobbar saman og har tett oppfølging. Eit positivt tiltak er òg funksjonsassistanse. Her får personar med omfattande fysiske funksjonsnedsettingar tilrettelagte oppgåver og oppfølging på arbeidsplassen frå ein lønna assistent. Funksjonsassistanse er eit viktig grep for å stanse eit varig fråfall frå jobb og uføretrygd. Eit anna effektivt tiltak er lønnstilskot og bruk av mentorar. Her får du full lønn for arbeidet du gjer, medan arbeidsgivaren får eit tilskot til å utbetale lønna.

Eit arbeidsfellesskap er eit av dei mest sosiale fellesskapa vi har. For Høgre er inkluderingsdugnaden eit av dei aller viktigaste prosjekta våre, og det er avgjerande at vi lukkast. Ikkje berre for dei personane det gjeld, men for heile samfunnet.