Er naturleg å flytte fv. 615 inn i tunnel

«Vi har ikkje gløymt Sørstranda» slår KrF fast i eit lesarinnlegg i FT 29.8, og vil gjerne samarbeide med Sørstranda Utviklingslag framover. Det er vi i utviklingslaget glade for. På vegner av Sørstranda er vi absolutt klare for å samarbeid med dei politiske partia som hugsar oss og kva saker vi har løfta fram. Både tilknytt arealdelen og som sjølvstendig sak. Fv. 615 er ei slik sak, presentert i FT tidleg i vår. I håp om å få trasé for tunell gjennom Åsen avsett i arealplanen. Det fekk vi ikkje gjennomslag for. Ingen politiske parti tok tak i saka.

Les også
Vi har ikkje gløymt Sørstranda

I sitt innlegg framhevar KrF fv. 615 og eit smalt parti på Sande, ein flaskehals, som dei vil søke å løyse i komande kommunestyreperiode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utviklingslaget vil kalle fv. 615 frå Sandane rundt Elvaneset og forbi Sande på Sørstranda ein lang og trong flaskehals. Som Vestland fylkeskommune i utgangspunktet vil gjere endå trongare og treigare ved å etablere fortau og redusere fartsgrensa til 40 km/t frå Vonheimsbakken til Bukta. Kommunen har slutta seg til denne løysinga, sjølv om det primære ønsket til kommunen er tunell gjennom Åsen.

Vestland fylkeskommune er vegeigar og sit med «bukta og begge endane» kva gjeld val av løysing. Utviklingslaget har derfor i ope brev til fylkeskommunen spelt inn vårt framlegg om tunell gjennom Åsen og omgjering av fv. 615 rundt Elvaneset til kommunal veg. Vi har bede om svar på kvifor dei ikkje vil byggje tunell gjennom Åsen.

Og svar har vi fått i brev dagsett 26.6.23:

«Vi viser til det opne brevet med innspel om tunnel under Åsen dagsett 7. juni og til tidlegare innsending i november 2022. Jf. innspelet skal vi no starte opp eit planarbeid for bygging av fortau langs fv. 615 frå Storebrua inn til Vonheim. Vi vil formelt melde planoppstart til hausten. Vi vil vurdere dette innspelet i samband med at vi skal vurdere andre innspel til dette planarbeidet. Vi vil gje ei attendemelding med ei vurdering av dette innspelet ei tid etter at merknadsfristen ved planoppstart har gått ut. De vil få tilsendt varsel om planoppstart.»

Kopi av brevet er send Gloppen kommune. Vi går ut frå at det er gjort kjent for politikarane våre. Vi vel å sjå på svaret frå fylkeskommunen med ope sinn og tar det seriøst. Innspelet om tunell gjennom Åsen vil bli vurdert i tilknyting til det planarbeidet som startar opp.

Utviklingslaget venter derfor at Gloppen kommune og dei politiske partia i Gloppen løfter saka fram ved å etterspørje den alternative løysinga tunell gjennom Åsen i framtidige samtalar med Vestland fylke/vegvesenet.

Dei fleste, om ikkje alle, politiske parti i Gloppen har gang- og sykkelveg frå Storebrua til Vonheim inne i sine partiprogram. Det som ligg inn i planane til fylkeskommunen er eit fortau på oppsida av vegen, der ein skal sykle i vegbana, i blanda trafikk som det heiter. Eit fortau er noko heilt anna enn ein gang- og sykkelveg. Fortau er berekna for gåing, ikkje for sykling. For Sørstrendingar vil dette fortauet ikkje nødvendigvis hjelpe på trafikktryggleiken då det er svært få som bevegar seg frå Sørstranda inn til sentrum til fots. Den reduserte fartsgrensa vil hjelpe noko på trafikktryggleiken for mjuke trafikantar i vegbana, men vil også forverre tilkomsten til kommunesenteret for kjøtvekta som framleis nyttar bilen og som i framtida også kjem til å nytte bilen som framkomstmiddel.

Sørstranda Utviklingslag ber politikarane setje seg inn i planane som føreligg og arbeide for gang- og sykkelveg, som dei har i sine partiprogram. Ein gang- og sykkelveg krev betydeleg meir areal enn eit fortau. Difor er det naturleg å flytte fv. 615 inn i tunnel, slik at ein lagar plass til gang- og sykkelveg rundt Elvaneset. Det er også naturleg å flytte fv. 615 inn i tunnel for å redusere trasélengda og oppretthalde fartsgrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå vår side tilbyr Sørstranda Utviklingslag samarbeid med dei som tek på alvor det arbeidet vi gjer. Vi stiller meir enn gjerne opp på møte med kommunen, fylkeskommunen, dei politiske partia for å presentere løysinga: Fv. 615 i tunell gjennom Åsen.

Anniken Rygg, Vegard Moritsgård, Marit Larssen