Beate D. Nordvik er gruppeleiar i Gloppen Høgre.

Er du ein framtidig politikar?

Dei politiske partia jobbar no med å sette saman liste over kandidatar framfor valet hausten 2027.

Mange har nok alt fått førespurnaden, og fleire vil få spørmålet: kan du tenke deg å stå på liste for vårt parti? Eg håper du seier ja til slik førespurnad.

Krejvande

Mange kommunepolitikarar kjenner på at budsjetta er tronge, Statsforvaltaren seier nei og handlingsrommet opplevast som lite.

Saksmengda ein treng å sette seg inn i kan opplevast som stor og krevjande og tidsfristane er korte. Kveldar og helgar nyttast til å sitte framfor pc-en for å lese saksdokument.

Sjølv har eg vore politikar på kommune- og fylkesnivå nokre år, og eg har aldri møtt nokon som har som politisk mål å legge ned ein skule eller få dei tilsette i eldreomsorga til å springe fortare. Samstundes er det dette som er den politiske røyndomen mange stadar.

Så kvifor vil eg oppmode deg om å takke ja til å stå på ein politisk liste?

Demokrati og avgjersler

Det er fleire grunner til det. Sjølv om budsjetta er tronge og handlingsrommet kan opplevast som lite, er demokratiet like viktig å ta i vare. Det er viktig at det er folket som avgjer gjennom stemmesetelen kven som skal sitte i kommunestyret og vere med å ta avgjersler på vegner av innbyggarane i kommunen. Kven som sit i kommunestyret har noko å seie. Alle kjem inn med erfaringar og kunnskap som er viktig for å fatte gode avgjersler.

I ei tid kor mange opplever avstand til dei som tek avgjersler og ord som politikarforakt og politisk elite vert nytta, er det viktig at det kjem fram at det nyttar å engasjere seg, og at demokratiet er viktig.

Det eg sjølv vart mest overraska over da eg kom inn i politikken, var kor nær dei nasjonale politikarar faktisk er oss. Eg hadde ikkje vore politisk aktiv lenge før eg plutseleg var i same rom som fleire statsrådar. I valår står politikarar frå alle nivå på stand, og e-post adressa til alle politikarane på Stortinget ligg ope på internett.

I tillegg er mi erfaring som lokalpolitikar at det gjer ei stor forståing for korleis samfunnet rundt oss er bygd opp, fungerer og korleis ein kan påverke. Ein vert kjent med kommunen, korleis den fungerer og samhandlar med verda omkring. Kommunen har ansvar for store oppgåver som påverkar kvardagen vår. Det er at snøen er borte frå vegane, at brannvesenet kjem når det brenn, at barnehagen og skulen er der for borna våre, og at heimetenesta gjev tilbod til dei som treng det. Samstundes kjenner ein også på ansvaret det er når ein må velje om det er viktigast å kjøpe ny brannbil eller oppgradere ventilasjonsanlegget på ein skule.

Politikk i Gloppen

I Gloppen opplever eg at det politiske debattklimaet er godt. Sjølvsagt er vi ueinige, det skal vi vere. Samstundes møtast i hovudsak ueinigheiter med respekt, og vi er gode på å skilje mellom sak og person. Sjølv vart eg alltid møtt med respekt og positiv innstilling da eg søkte råd og støtte hjå andre parti den gang eg sjølv var ny og uerfaren i politikken.

Oppmodinga er gitt, finn det partiet du er mest einig med og takk ja om du vert spurt om å stå på liste. Alternativt ta kontakt med ein politikar og be om kontaktinformasjon til ein i nominasjonsnemda og meld di interesse.

Å være lokalpolitikar tek tid, men det er også nyttig, viktig og lærerikt!

Beate Dybendal Nordvik,

gruppeleiar Gloppen Høgre

Powered by Labrador CMS