Er det vanlege folk sin tur?

Ap/Sp-regjeringa lovar no å dekke 80 % av straumprisen over 70 øre per kilowattime. Det er eit godt steg over den opphavelege 50 %, som i praksis ville gitt ein prisreduksjon på rundt 20 %, når ein tek omsyn til avgift og moms. Kanskje 80 %-løftet vil dekke 30-40%? Uansett er det eit steg i rett retning – særleg fordi det vil hjelpe mange økonomisk vanskelegstilte.

Men er det nok? Alle forstår at slike verdifulle sosialpolitiske tiltak, ikkje hindrar gjentak av prishoppet på straum, og langt mindre vil det hindre at det vil bli ein varig prisauke. Den varige prisauken vil gå ut over både dei som er økonomisk vanskelegstilte, men også fleirtalet av befolkninga. Dette er uakseptabelt. Det kan i tillegg koste oss arbeidsplassar, og kommunar får mindre sjanse til å auke grunnbemanninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle forstår at det må gjerast noko med energipolitikken, men kva?

Krafteksporten må reduserast gjennom politisk stryping av kablane North Sea Link og NordLink. Vi må avgrense krafteksporten og sikre ein fyllingsgrad i magasina.

Norske samfunnsinteresser må prioriterast over kraftbransjen sine tilsynelatande uavgrensa profittkrav og høge toppleiar-løner. Med samfunnsinteresser meiner vi at det no må bli «vanlige folks tur», at vi må tenkje på arbeidsplassar, og at kommunane si lønsevne ikkje må svekkast.

Noreg må ut av ACER og EU sin energiunion, og den avtalen med EU som Høgre/FrP-regjeringa gjorde i 2015 må reforhandlast. «Vanlige folk», dvs. fleirtalet i dette landet, har lidd nok pga. denne avalen. Her kjem ein smakebit frå avtalen: «Vi understreker at vi vil ikke begrense handel med elektrisitet over landegrensene, heller ikke i tilfelle høye priser på grunn av knapphet i markedet …».

Det må gjeninnførast eit system for føreseielege og langsiktige kraftavtalar for arbeidsplassar (ikkje berre kraftkrevjande industri) og bl.a. jordbruk. Sentrale styresmakter må også syte for innføring av eit topris-system for straum til hushalda. Systemet må sikre rimeleg straum til eit normalt/avgrensa forbruk og høgare pris for storforbruk.

Når Solberg-regjeringa i 2015 gjorde denne fatale avtalen, viste regjeringa seg som eit agentur for EU og ikkje som ei nasjonal regjering. Den gav frå seg retten til å føre ein nasjonal energipolitikk.

No er det opp til Ap/Sp-regjeringa å vise om dei står for ein annan politikk enn H/FrP. Til no har Ap hatt (mest?) lojalitet til Brussel. Kor lenge kan statsminister Støre rekne med at veljarane har tillit til eit Ap som føyer seg meir etter Brussel enn etter interessene til vanleg folk i Noreg? Var det ikkje slik at «nå er det vanlige folks tur»?