Endring av skulestrukturen i Jølster

Sunnfjord kommune er i gang med ein prosess med sikte på å redusere kostnadene i skulesektoren. Ei av løysingane som skal vurderast, er å flytte elevane på Skei ungdomsskule til Vassenden skule, og det var invitert til orientering og debatt om dette på Skei sist veke.

Eg har utarbeidd ein tabell over elevtal og klassetal som viser at ei slik sentralisering med uendra elevtal vil føre til ei gjennomsnittleg innsparing av 1,25 klassar dei første åtte åra. Kommunalsjef for skule, Åge Ansgar Stafsnes, opplyste på møtet at det kostar frå 1,3 mill. til 1,5 mill. å drifte ein klasse på ungdomsskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit stort problem med ei nedlegging av Skei ungdomsskule, er at reisetida for elevane på Fonn inst i Stardalen vil overstige den grensa på 75 minutt kvar veg som styresmaktene har fastsett for grunnskulen. Kommunen kan difor ikkje gjennomføre ei slik endring. Ei ny skulerute frå Fonn til Vassenden vil dessutan ha betydeleg kostnader både økonomisk og miljømessig.

Klassetalet på ungdomssteget kan reduserast på ein måte som er langt mindre inngripande: Ei overføring av 2-6 elevar frå Vassenden til andre ungdomsskular i Sunnfjord kommune vil gje same innsparing av klassetal som nedlegging av Skei ungdomsskule. Ei slik mindre krinsregulering vil føre til vesentleg gunstigare reisekostnader enn full sentralisering, og dessutan miljøgevinst. Dersom det skal gjerast endring av skulestrukturen i Jølster, må ei slik løysing utgreiast.