- Permanent nivådeling vil setja rangeringa mellom elevane allereie frå dag 1 og forsterka skulen som konkurransearena, skriv Anette Stegegjerdet Norberg.

Endar ungen din på FrP sitt B-lag?

Arbeidarpartiet seier nei til permanent nivådeling av elevar. Me vil gje barn og unge ein skule som ser kvar enkelt elev og jamnar ut forskjellar.

Skulen er i gang att etter sommarferien. Over heile landet startar nokre av elevane våre på ny frisk med von om at dette skuleåret skal bli betre enn det dei forlét i vår. Både læringsresultata og UngData-undersøkingane tyder på at for mange av dei opplever manglande meistring og at dei slit med skriving, lesing og rekning.

Arbeidarpartiet jobbar for å snu utviklinga, men eg meiner høgresida sine forslag ber preg av ei tru på at skulen ikkje har endra seg sidan 90-talet. Medan eg vaks opp med å fylgja ein fast timeplan får ungane mine arbeide i stasjonar, med kortare økter per fag for betre konsentrasjon og læring. Der alle i min klasse hadde same bok og felles (tavle-)undervisning, gjer dei fleste skular allereie i dag ein stor jobb med å gje faktisk tilpassa opplæring til den enkelte elev.

Trass i dette, vil FrP innføre permanent nivådeling av elevar. Dette sjølv om både forsking og erfaring viser at det har stor verdi at elevar med ulike føresetnader og fagleg nivå lærer i same klasse. Her i Sogn og Fjordane med vekselvis store og fådelte skular på «kvart eit nes» verkar forslaget nesten umogleg å gjennomføre i praksis. Men forslaget vitnar også om at ein ikkje evnar å setja seg i eleven sin stad. Ungdommane våre opplever i dag større press om å prestere på alle arena enn nokon generasjon før oss. Den du er og kva du gjer vert offentleggjort for heile verda ved eit enkelt sveip. Det siste dei unge treng er meir rangering i kjempeflink – ikkje so flink – ikkje flink i heile tatt. Permanent nivådeling vil setja rangeringa mellom elevane allereie frå dag 1 og forsterka skulen som konkurransearena.

Utviklinga i læringsresultat må snu. Arbeidarpartiet meiner at elevane opplever best læring og meistring ved at dei kjenner seg inkludert i eit fellesskap. Den norske fellesskulen er og blir nøkkelen til eit samfunn med små forskjellar mellom folk, og at dottera til bedriftseigaren og sonen til helsefagarbeidaren lærer å kjenna kvarandre også i framtida.

Gjer som lærarorganisasjonane - forstå at midlertidig nivådeling og tilpassa opplæring held, og sei nei til nivådeling permanent. Heller ikkje i skulepolitikken er tida inne for store eksperiment, no er det trygg styring som gjeld.

Anette Stegegjerdet Norberg,

stortingskandidat, Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Powered by Labrador CMS