
Ein naturleg konsekvens av å beklage løgn er å gjere opp for seg
Arbeidarpartiet sitt framlegg til statsbudsjett vart ein nedtur for Sogn og Fjordane.
I Nordfjord og Sogn var folk allereie uroa for tilbodet ved lokalsjukehusa. Arbeidarpartiet felte Senterpartiet sitt forslag som mangla ei stemme i Stortinget, og som ville ha sagt nei til nedlegging av funksjonar i Sogn og Nordfjord.
Folk på kysten og i Sunnfjord fekk høyre at Stad skipstunnel og Hafstadfjelltunnelen dessverre ikkje kunne igangsettast fordi budsjettet var trongt. Samtidig legg Ap-regjeringa opp til å oppskalere det nye regjeringskvartalet med to nye bygg som Senterpartiet og Arbeidarpartiet berre for få år sidan meinte ikkje var naudsynte. Dei to bygga skulle koste 4-5 mrd. i 2022 – og blir no truleg langt dyrare. Kva behov har oppstått for så mykje meir areal i regjeringskvartalet på 3 år har vi ikkje fått noko tydeleg svar på.
Nokre få kilometer jernbane gjennom Moss med ny stasjon skulle koste 5,6 mrd. – men oppdaterte tal seier 25 milliardar kroner. Altså meir enn to skipstunnelar berre i overskriding! Men det ser det ut som at få i Arbeidarpartiet som synest er noko problem.
I siste sving har Arbeiderpartiet også redusert ordningane for nedskriving av studielån og gratisferjene til øyane. Ordningar som er vedteke, og har tredd i kraft. Sjølv om dei dreiv valkamp på at folk i distrikta måtte stemme på Arbeiderpartiet dersom dei skulle halde på desse ordningane. Då var begeret for folk fullt.
Statsministeren og helseministeren har beklaga at dei dreiv valkamp på noko dei allereie hadde planlagt at dei ville fjerne, men dei har ikkje rydde opp i sakene.
Ein kan ikkje halde folk for narr med å få stemmene deira ein månad og den neste gjere motsett av det ein har sagt. Senterpartiet seier nei til slik oppførsel. Vi forhandlar ikkje med Arbeiderpartiet før dei har ordna opp i sakene.
Leiinga i Arbeidarpartiet må høyre på folk langs kysten og i distrikta og ordne opp. Og det må dei gjere raskt, slik at Stortinget kan gå i gang med å lage eit statsbudsjett for landet vårt.
Eit langt betre statsbudsjett som sikrar næringsutvikling og tenester i lokalsamfunn over heile Noreg.
Erling Sande,
stortingsrepresentant Senterpartiet