Reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik.

– Ein annleis sommar

Dei norske turistane strøymde til Vestlandet denne sommaren. Heile 83 % fleire nordmenn oppsøkte området i juli enn i 2019, ein auke som svarar til 676 000 registrerte overnattingar. Denne auken gjorde Vestlandet til «vinnaren av norske turistar». Auken blant nordmenn på Vestlandet var avgjerande sidan same regionen opplevde eit tilsvarande fråvær av internasjonale gjester.

Tidleg marknadsføring

Nordfjord hadde ein gledeleg og viktig auke av kommersielle overnattingar i juli blant nordmenn på 91,9 %. Dette svarar til heile 59 652 fleire norske gjestedøgn enn same periode i fjor (kjelde: SSB).

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er avgjerande i ein ekstremt krevjande situasjon for reiselivsnæringa. Sjeldan har det vore så mange nordmenn i vår region. Visit Nordfjord tok tidleg konsekvens av at det ville bli eit år med få internasjonale gjester og der sesongen ville bli smalare enn nokon gong. Ein starta såleis tidleg med å rette all marknadsføring inn mot det norske segmentet, der dei ulike tilboda i regionen blei synleggjort ovanfor ulike grupper.

Stor nedgang

På den andre sida er det ingen distrikt som har tapt så mykje som Vestlandet når det gjeld internasjonale gjester. I juli var det 762 000 færre kommersielle overnattingar, ein nedgang på 83,4 % frå juli i fjor.

For Nordfjord utgjer dei internasjonale gjestene ein stor nedgang på heile 91,3 %, som svarar til 60 793 færre gjestedøgn enn same periode i fjor. Det betyr at ein for juli berre nesten klarte å kompensere for den tapte internasjonale trafikken med auken i den norske. Med tanke på det scenarioet ein lenge såg føre seg, må ein summere opp med at ein kom gjennom sommaren på ein betre måte enn frykta, men der nokre aktørar er blitt råka ekstra hardt.

Krevjande tider for reiselivet

Perioden framover blir tøff. Nordmenn er ferdige med sommarferien, det er langt færre forretningsreisande, konferansar og arrangement. Alt i alt gjer dette situasjonen tung ikkje berre for byane, men òg for oss i distrikta.

Ved utgangen av august vert all statleg støtte til faste utgifter avslutta for verksemder landet over. Regjeringa lovar meir friske pengar, men ingen veit kva som kjem, kva dei kan rekne med eller om den varsla hjelpa i det heile teke støttar det faktiske behovet. Skal denne avgjerande næringa for distriktet overleve, treng ein raske avklaringar frå regjeringa.

Så langt har dei politiske tiltaka hatt som formål å avgrense skadeverknadane av ein delvis nedstengt økonomi. Framover blir det viktig å finne ein veg ut av krisa som byggjer bru til ei berekraftig framtid der turistnæringa framleis utgjer ei av beresteinane i mange rurale og urbane strok. Overrislingseffektane i reiselivet påverkar også lokalsamfunna og bidreg til at dei som bur der har opne lokalbutikkar, får tilbod og aktivitetar ein treng året rundt. Dette er også viktig for turistane.

Gjenreising og vekst

Sommaren har gitt oss verdfulle erfaringar. Det har vore tidenes visingstur for nordmenn, og dette er noko reiselivet skal byggje vidare på. Nordmenn sin pengebruk i sommar var høgre enn venta, og det er gledeleg å sjå at nordmenn som har feriert i Nordfjord også har lagt att mykje pengar. Dette syner at det ikkje berre er talet på turistar som er viktig, men òg kor mykje pengar den einskilde brukar.

Ifølgje Innovasjon Norge er dei store ferievinnarane i år Sørlandet, Helgeland, Vestlandet og Lofoten. Lovatnet har vore ein Instagram-vinnar og det kan verke som heile landet var innom Stryn og Loen. Men Nordfjord har mykje meir å by på. Visit Nordfjord har fokus på framleis å styrke midtre og ytre for slik å få endå sterkare fram mangfaldet i «alt i ein fjord». Alle vil tene på at gjesten har lengre opphald i Nordfjord, og der oppleving av mangfald aukar sjansen for at gjestene kjem attende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styrka merkevare

Vi har aldri hatt større satsing på den norske marknaden som i år. Vi har, gjennom ei felles retning og satsing på gode kampanjar og taktiske tiltak mot den norske marknaden som har fungert, styrka merkevara Nordfjord. Samhald og regionalt samarbeid har samla oss som region. Framover blir det avgjerande å prioritere dei rette tiltaka, og vi treng i sterkare grad ei forankring hjå politikarane slik at vi kan etablere ein overordna plan for dei neste åra.

Treng framleis støtte

Krisa er ikkje over, vi er midt i krisa, vi må erkjenne at ho blir langvarig og vil krevje handlekraft, vilje, tolmod og økonomisk bereevne. Krisa har i positiv forstand medført at Nordfjord er endå meir attraktivt, dette kan gje nye moglegheiter for reiselivet, ei næring med enormt potensiale. Næringsaktørane treng framleis kritisk støtte til å vidareutvikle og heve kvaliteten, med fokus på berekraft og verdi.

Takk for besøket i sommar og velkomen til Nordfjord heile året!

Marita Lindvik,

reiselivssjef i Visit Nordfjord AS