– Ei krise for Sunnfjord kommune om landbruket ikkje får eit løft

I Sunnfjord er nær sagt all busetnad og næring avhengig av eit sterkt landbruk, vi er den største landbrukskommunen i Vestland. Men vi taper posisjon, særleg som mjølkekommune. Vi har mista nær ein million liter mjølkeproduksjon i denne regjeringsperioden åleine.

Paradokset er dermed stort i at vi har ein ordførar som ikkje snakkar om krisa vi befinn oss i. Landbruket i Sunnfjord treng nemleg fleire hundre millionar kroner i investering berre for å halde dagens posisjon. Vi har to store arbeidsplassar i meieri og slakteri som er avhengige av landbruket i vår region.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi treng eit godt jordbruksoppgjer i Sunnfjord. Og vi treng ein ordførar som forstår alvoret.