Det gløymde språket

Det er politikarane, ikkje lærarane, som har vore «digitalt medvitslause», skriv kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ein kronikk på NRK Ytring om digitalisering og skjermbruk i skulen. Den nye opplæringslova hennar gjev ho rett i det.

Penn og papir er bytte ut med PC og iPad, og den siste tida har det gått eit høglydt og interessant ordskifte om skjermbruk i skulen, og ikkje minst: kva det gjer med borna våre. Det som er sikkert, er at nynorskelevane er dei store taparane på meir skjermbruk. Dei møter mindre av språket sitt kvar einaste dag. Ein medviten kunnskapsminister hadde rydda opp i dette då ho reviderte opplæringslova. Det ville ikkje Tonje Brenna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det store stridsspørsmålet var om nynorskelevane skulle få lovfesta rett til digitale læringsressursar som er laga for opplæringa, på sitt eige språk. Elevane brukar i dag eit stort utval læringsappar, spel og plattformer, heller enn tradisjonelle heilskaplege læremiddel. Når dei færraste finst på nynorsk, møter elevane for lite nynorsk. Det går utover kvaliteten på opplæringa. Og mange elevar vert ikkje trygge i å skrive sitt eige språk.

Kravet hadde støtte frå eit samla språkmiljø, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, Forleggerforeningen, Språkrådet, AUF og 121 ordførarar i Noreg, men møtte departementsveggen og medvitslause politikarar.

Internett har kome for å bli. Det er openbert at elevane må utvikle digital kompetanse. Ny teknologi bør vere velkomen i klasseromma, men ikkje på sjølvstyr som i dag. Lenge har nynorskelevane måtte lære seg å skrive i skriveprogram som ikkje forstår språket deira, og som gjev dei raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett.

Google Chromebook og nettbrett er kjøpte inn i stort monn, med eit fromt ynske om at språket ordnar seg sjølv på maskinvara, programma eller ressursane som vert lagde inn. Dette er berre nokre få døme på korleis digitaliseringa av skulen har råka brukarane av mindretalsspråket hardast. Internasjonale teknologi-gigantar tek ikkje språklege omsyn utan tydelege lovkrav, heller ikkje norske produsentar gjer det om ikkje Stortinget krev det.

Dei mest medvitne lærarane er kanskje nettopp dei som har stått i mot bokmålsregimet i den digitale skulekvardagen. Anten ved å seie tydeleg i frå om at dette rokkar ved nynorskelevane sin rett til opplæring på eige språk, eller ved å bruke mykje tid og ressursar på om omsetje læringsressursar slik at elevane deira skal få bruke den same pedagogiske variasjonen som bokmålselevane, men på nynorsk.

Om kunnskapsminister Tonje Brenna vil ta eit oppgjer med «dei medvitslause» politikarane, må ho først forstå at den største «medvitlause synda» i digitale klasserom er at språkperspektivet er gløymt. Opplæringspolitikk er også språkpolitikk, og den bør styrast av norske styresmakter, ikkje frå eit hjørnekontor i California.