– Det betyr noko kven som styrer landet

Som ordførarar står vi med ansvar for tenester som er viktige i kvardagen til folk. Vi ser kvar dag kva korleis nasjonale føringar påverkar livet i lokalsamfunna våre.

Og:

Artikkelen held fram under annonsen.

Det betyr noko at nasjonale styresmakter viser at dei lyttar til både små og store kommunar.

Det betyr noko at ein har tillit til at det også i distrikta finst kloke hovud som kan finne gode måtar å løyse oppgåvene på.

Det betyr noko å kunne ha nok ressursar til å kunne gje gode helsetenester og inkluderande fritidstilbod

Det betyr noko at det vert nok pengar til å sikre trygge skulevegar for borna våre.

Men:

Det skaper usikkerheit når innbyggjarane ikkje veit kor tid dei kan vente hjelp fordi politiet har lang reiseveg.

Det påverkar engasjementet vårt når gode heilskaplege vurderingar i arealplanane våre ikkje passar inn i det mangfaldige statlege regelverket.

Det gjer noko med oss når lokalsamfunna våre vert funne for små eller «lite robuste» til å løyse viktige oppgåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tungt når ein må kutte i sterkt ynskte tenester fordi kommunen ikkje har råd.

For:

Vi ser eit framtidsretta næringsliv med høg kompetanse som jobbar hardt for å skape verdiar og har eit sterkt engasjement for lokalsamfunna sine.

Vi ser eldsjeler som gjer ein formidabel jobb i nærmiljøet.

Vi ser tilsette i oppvekst og helsesektoren som gjer det dei kan for å strekke til i ein krevjande kvardag.

Vi ser flotte folk som har tru på lokalsamfunnet sitt.

Vi ser ungdom som ynskjer å busetje seg i Sogn og Fjordane.

Vi trur på lokalsamfunna våre!

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor:

Senterpartiet vil utvikle lokalsamfunn og kommunar saman med dei som lever der og har tillit til at dei beste løysingane kjem fram der innbyggarane blir involverte.

Då betyr det også noko kven som styrer landet!

Godt val.

Trygve Skjerdal, ordførar Aurland

Kjetil Felde, ordførar Fjaler

Leidulf Gloppestad, ordførar Gloppen

Hallvard S. Oppedal, ordførar Gulen

Ivar Kvalen, ordførar Luster

Arnstein Menes, ordførar Sogndal

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar Solund

Per Kjøllesdal, ordførar Stryn