Jan Erik Mardal er distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund.

Bygningsenergidirektivet og norske bustadeigarar: Vi treng gulrot framfor pisk!

Diskusjonen mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet om det nye EU-bygningsdirektivet har skapt uro blant norske bustadeigarar. Som distriktsleiar i Huseierne vil eg gjerne rydde opp i nokre misforståingar. Det vi treng no, er fakta framfor politisk spekulasjon.

For det første: Det er ikkje krav i bygningsdirektivet som tvinger norske huseigarar til å investere i varmepumper eller andre spesifikke tiltak. Dette har Huseierne kjempa for gjennom vår europeiske organisasjon. Norske styresmakter står fritt til å velje verkemiddel, og måla er å redusere energibruken i bygg – ikkje å pålegge huseigarar dyre investeringar. Vi oppfattar at dette meir har blitt ein surrogatdebatt om EU enn ein debatt om energieffektivisering. Behovet for å spare straum er openberr.

Samtidig er det viktig å forstå realiteten: Skal Noreg nå sine klimamål, vil det nødvendigvis koste pengar – også for den enkelte huseigar. Dette er ikkje eit krav frå EU, men ein konsekvens av at klimatiltak har ein kostnad.

Så begge sider i debatten har litt rett: EU-direktivet pålegg ikkje huseigarane noko, men dersom vi skal redusere energibruken og nå norske klimamål, må eigarar av eldre bygg rekne med å bidra økonomisk til tiltak som reduserer energiforbruket. Huseierne støttar at dette gjerast på ein måte som er realistisk og rettferdig, utan tvang og med gradvis tilpassing.

Energiministeren har uttalt til Stortinget at Regjeringa vil bruke verkemidlar som gir meining for norske forhold, inkludert støtteordningar som ENOVA og Husbanken. Så seint som i førre veke offentleggjorde ENOVA ei ny støtteordning som gir støtte til 25 prosent av kostnadane til etterisolering av loft, tak og veggar, samt bytte av vindauge og dører. Dette utan at det blir stilt krav om at du treng å gjere alt på éin gong. Denne nye tilskotsordninga er svært gledeleg og noko Huseierne har kjempa for heilt sidan 2018. Dette er eit stort steg i rett retning for å motivere bustadeigarar til å energieffektivisere.

Jan Erik Mardal, 

distriktsleiar, Huseiernes Landsforbund

Powered by Labrador CMS