Svein-Ottar Sandal (t.v.) og Arnfinn Brekke, Gloppen KrF.

Bygge på verdiar - skape verdiar

Vi har alle verdiar i livet og i samfunnet som vi ønskjer å hegne om. Nokre er individuelle, andre er universelle.

I det samfunnsbyggande arbeidet er det viktig at vi som einskildpersonar finn vårt verdigrunnlag, men også i samfunnet må det vere verdiar som bygger landet vårt nedanfrå og gjev oss god velferd.

KrF går til val i 2025 på fire hovudsaker som vi meiner er viktige for det norske samfunnet:

1. Familien først

Vi har alle ein familie og den er ofte fundamentet for våre liv. Våre viktigaste saker for å løfte familien er:

- Økonomi skal ikkje avgjere familiestorleik. Skattelette på kr 50 000 for barn ein og to og 100 000 frå tredje barnet og oppover

- Auke barnetrygda for alle barn

- La alle foreldre få rett til foreldrepengar, også dei som ikkje har opparbeidt seg retten til dette. Dette gjeld også studentar.

- Gje familien kontrollen tilbake ved å fjerne den rigide tredlinga av foreldrepermisjon. Gje far rett til tre veker permisjon etter fødsel

- Gje alle barn over eitt år rett på barnehageplass, uavhengig av når på året barnet er født

2. Nei til narkotika

KrF seier eit tydeleg nei til narkotika, ikkje alle gjer det i dag. Vi er tydeleg på ein streng, men solidarisk ruspolitikk. Viktige saker for å løfte fram ein god politikk er:

- Førebygge at ungdomar startar med rus

- Nei til avkriminalisering og legalisering

- Gje politiet verktøy dei treng

- Stoppe importen av narkotika gjennom mellom anna å styrkje tollvesenet

3. Skape verdiar

Små og mellomstore bedrifter er berebjelken i samfunnet vårt, og bidreg til viktig verdiskaping. Vi treng å føre ein politikk som styrkjer norsk eigarskap i næringslivet og ikkje gjev fordelar til utanlandsk eigarskap.

Viktige saker for å skape verdiar er:

- Fjerne formuesskatten på det vi kallar arbeidande kapital

- Stabile og føreseielege rammevilkår for næringslivet

- Legge til rette for ein sterk norsk eigarskap i heile landet

- Gjenopprette den gode dialogen med næringslivet

4. Ein verdig alderdom

Alderdom skal først og fremst handle om å leve gode liv. Vi vil ha ei eldreomsorg med kvalitet, innhald og kapasitet til å møte den einskilde på ein god måte. Individuelle behov må også ivaretakast i eldrepolitikken.

Viktige saker er:

- Bygge fleire sjukeheimsplassar – eit kraftig temposkifte her

- Styrke husbanken til å gje gunstig finansiering til å tilpasse bustad til endra behov og finansiere eigne trygdebustadar

- Fleire tilsette og auka kompetanse i omsorgstenestene

- Fleire sjukeheimsplassar

Dette er nokre av dei viktige verdiane som KrF vil prioritere i sitt politiske arbeid. Vi har i det siste fått over 3000 nye medlemer og aukande oppslutning på meiningsmålingar. Men det er når alle stemmer er opptalde på valdagen at vi får den endelege fasiten. Vonar du vil bidra til eit sterkt KrF som gir landet vårt verdiar som er viktige, men som ikkje alle vil prioritere

Arnfinn Brekke, leiar Gloppen KrF

Svein-Ottar Sandal, nestleiar Gloppen KrF

Powered by Labrador CMS