Blir ikkje løyst på Facebook

Viser til sak i Firda Tidend, som omtaler ein seljar på Sandane som blei trakassert av ungdomar på kvelds- og nattetid.

Hendinga er berre trist, og dei som har gjort dette må sjølvsagt stå til rette for det dei har gjort. Det er bra at lokalavisa skriv om saka – skal ein få løyst eit problem, må det fram i lyset. Eg tykkjer òg at oppvekstsjefen og lensmannen uttaler seg med klokskap. Kort og konsist om at slik vil vi ikkje ha det, og med von om at ein finn ut kven som har gjort dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Har aldri møtt verre ungdomar enn på Sandane

Det eg derimot ikkje tykkjer er like klokt, er ein del utsegner på Facebook der ungdomane – og til dels foreldra deira – vert sjikanerte, demoniserte og truga med juling. Dei verste kommentarane kjem frå folk på min alder. (Det er vel kanskje ikkje så rart, i og med at det stort sett er gamlingar som er på Facebook).

Det er heilt greit at ein tek avstand frå handlingane, men med ein gong hylekoret byrjar å demonisere personane bak, så vert vegen attende til meir samfunnsnyttige aktivitetar lenger.

Les også
– Slik vil vi ikkje ha det i Gloppen

Eg kjenner mange ungdomar som har gjort mykje dumt. Fellesnemnaren er at alle er meir enn dei handlingane dei har gjort. Eg kjenner og mange foreldre som har moralisert over ungdommeleg tyleskap, og etterpå fått hakeslepp den dagen dei oppdaga at deira eigen håpefulle var med på tyleskapet. Tenk i alle fall tanken, før du går laus på tastaturet.

Bjarte Gangeskar.

Og til seljaren frå Ørsta: Ver så snill å kome attende til Sandane. Eg skal presentere deg for masse kjekk ungdom og vise deg at dette ikkje er representativt for korleis vi har det i kommunen. Dersom du kjenner at det er litt utrygt, så kan eg forstå det. Men, då skal eg ta på meg å organisere ein dugnad av vaksne, vitige folk som kan vere med og passe på under opphaldet i Gloppen. Om ikkje nokon blir med på dugnaden, skal eg ta heile økta sjølv.

Les også
– Ekstremt dårleg oppførsel

Og til ungdomane som var involverte i dette: Ta kontakt med lensmannen og få saka ut av verda. Det er den einaste måten du kan få igjen respekten frå omgjevnaden på. Og endå viktigare, du vil få igjen sjølvrespekten òg.

Sist, men ikkje minst; etterpå kan du «peike nase» til alle oss gamle moralistane som av og til går berserk bak tastaturet og trur vi er så mykje betre sjølve.