– Bestemorskatt eller bestemorpensjon?
Elias Eide hevdar at formuesskatten råkar lokalt næringsliv og kallar den ein «bestemorskatt», noko som gir inntrykk av at denne skatten hovudsakleg belastar eldre kvinner med låg pensjon. Han meiner også at Noreg har ein av dei høgaste eigarbeskatningane i OECD, noko som ifølge han hindrar næringslivet si evne til å skape arbeidsplassar.
Det er korrekt at Noreg er blant få land i OECD som har ein netto formuesskatt, saman med Spania og Sveits. I Noreg blir det skatta 1 % på formuar over 1,7 millionar kroner, og denne satsen aukar til 1,1 % for formuar over 20 millionar kroner. Dette plasserer Norge i ein unik posisjon, men påstanden om at me har den høgaste eigarbeskatninga i OECD er misvisande, då andre land, som Spania, har høgare makssatsar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter pensjonsreforma i 2011 har fleire eldre kvinner betalt formuesskatt. Reforma innførte eit nytt skattefrådrag for alderspensjon, noko som førte til at fleire med låg pensjon men høg formue ikkje betalar inntektsskatt. Tal frå SSB viser at antalet som berre betalar formuesskatt dobla seg frå 2010 til 2011, med 16 400 personar i 2022. Denne gruppa består av 82 % kvinner, ofte med lågare pensjonsinntekt enn menn.
Det er fint at Eide rettar merksemda mot minstepensjonistar med så låg pensjon at dei ikkje betalar inntektsskatt. Når me høyrer dette, tenkjer me i Raudt intuitivt at minstepensjonen er for låg, eller at botnfrådraget burde aukast. Men Eide ser ut til å tolke det som at formuesskatten må fjernast! Det er verdt å merke seg at dei 16 400 kvinnene som Eide viser til, berre utgjer 3 % av dei 623 400 personane som betalar formuesskatt. Å bruke desse som eit hovudargument for å fjerne formuesskatten er eit retorisk grep som fokuserer på eit lite utval for å argumentere for ei omfattande endring.
Me i Raudt meiner det er feil å fjerne formuesskatten. Me foreslår heller å auke botnfrådraget for å skjerme dei med lågare inntekt og heve minstepensjonen. I tillegg ønsker me å auke skatten på store formuar ved å innføre ein meir progressiv formuesskatt med fleire innslagspunkt, slik at dei som har mest, bidrar mest til fellesskapet.
Når det gjeld andre skattar, har fleire OECD-land arveskatt. Japan har ein toppsats på 55 %, Sør-Korea 50 %, og Frankrike 45 %. Storbritannia og USA har begge ein toppsats på 40 %. Skatteutvalet har foreslått å innføre ein arveskatt i Noreg. Om Raudt får det som me vil, vil ein arveskatt ha eit botnfrådrag på 5 millionar kroner. Dette vil sikre at berre dei rikaste vert ramma. Skatten skal også ha progressive satsar, noko som betyr at dei med størst arvar må betale mest. Dette er eit viktig tiltak for å motverke at rikdom og makt går i arv gjennom generasjonar og for å finansiere gode fellesskapsløysingar.
Høgre og Eide seier dei vil diskutere andre skattar. Det er fint at dei seier dette, men i praksis advarer dei mot arveskatt, senker bedriftsskatt, kjempar for lågast grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa osv. Kvar gong ein skatt er på bordet, vil dei ikkje ha den og nemner diffust andre skattar.
Det er riktig at formuesskatten har utfordringar, som til dømes verdsetjingsproblem og risikoen for kapitalflukt, der formuar blir flytta ut av landet for å unngå skatt. Kapitalflukt kan samanliknast med streik; medan arbeidarar streikar ved å leggje ned arbeidet, streikar kapitaleigarar ved å flytte kapitalen sin ut av landet. Desse utfordringane må diskuterast i ein faktabasert debatt. Løysinga bør ikkje vere eit kappløp mot botnen ved å fjerne skattar basert på nokre få eksempel. Me må ikkje la slike tilfelle overskygge behovet for ei rettferdig fordeling av rikdom i samfunnet.
Leiar i Raudt Sogn og Fjordane, Bjørn Christian Weinbach
Raudts fylkestingsrepresentantar i Vestland, Jeanette Syversen og Rita Tonning
Artikkelen held fram under annonsen.