– Bedriftene treng hjelp no!

Dei nye og forsterka smitteverntiltaka regjeringa lanserte 13/12, vil føre til ei «sosial nedstenging» av samfunnet og massiv omsetnadssvikt i mange bedrifter landet rundt. Allereie før dei siste tiltaka vart varsla, seier åtte av ti reiselivsbedrifter at dei ventar å måtte permittere tilsette i løpet av kort tid. Titusenvis av arbeidstakarar går ein usikker kvardag og ei spesiell julehøgtid i møte.

Venstre er glade for at regjeringa varslar at nødvendige økonomiske kompensasjonsordningar skal kome på plass – både til kommunar, næringsliv og kulturliv. Men vi er sterkt urolege for tempoet for dei delane av næringslivet som no blir særskilt hardt råka. Det er til no mange «lause lovnader» på regjeringa sine stadige pressekonferansar som blir forsøkt gjenbrukt som nyhende mange gonger på rad, men det er få konkrete avklaringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei nasjonal kompensasjonsordning er varsla, men er ikkje på plass. Ordninga skal uansett, ifølgje Finansminister Vedum, bli meir avgrensa og med fleire atterhald enn tilsvarande ordning under førre regjering.

Ei forsterka kommunal kompensasjonsordning i milliardklassa er varsla på kvar pressekonferanse den siste veka. Næringsministeren har til og med sagt at «ordningen har nå 1,2 milliarder som er klar til å betales ut til bedrifter som trenger det over hele landet.» Betyr det at bedriftene kan få kompensert for sviktande omsetnad allereie før jul? Ingen kan svare. Enno har ingen sett desse pengane, og regjeringa har ikkje fremja forslag om dei til Stortinget. Dersom ein ekstra kommunal kompensasjonsmilliard no er på veg ut til bedriftene, slik næringsministeren framstiller det, er dei på ein veg svært få kjenner til.

Venstre er også svært utolmodige etter at ei lønnsstøtteordning faktisk kjem på plass, ikkje berre blir varsla dag etter dag som noko ein arbeider med. Ei lønnsstøtteordning hastar i ekstrem grad for alle næringane som no er hardt råka av dei nye nedstengingstiltaka.

For Venstre er det viktigaste at dei som no treng hjelp, får hjelp raskt. Bedriftene må få vite kva spelereglar som gjeld. Arbeidstakarane må kunne vite at dei har ein jobb å gå til på andre sida av nyttår. Då må lønnsstøtteordninga kome på plass augeblikkeleg, den kommunale «ekstramilliarden» må bli gjort klar til bruk før jul slik næringsministeren har lova – og ei nasjonal kompensasjonsordning må rullast ut slik ho allereie ligg klar frå førre regjering.

No er det alvor – for små og store bedrifter og titusenvis av arbeidsfolk i serveringsbransjen og andre næringar landet rundt.