Arbeidarpartiet lovar trygg styring, berre ikkje for Sogn og Fjordane

Statsbudsjettet som Arbeidarpartiet la fram den 15. oktober er ei struping av distrikta. I valkampen lova dei gull og grøne skogar, og ikkje minst lova dei å oppretthalde all den gode politikken regjeringa innførte for oss som bur i utkantane. Dette kan vi no sjå langt etter. 

For kva har regjeringa sitt statsbudsjett å seie for Sogn og Fjordane? 

Det var stor jubel då statsminister Jonas Gahr Støre presenterte ordninga for sletting av studiegjeld. Folk med studiegjeld, busett i kommunar i distriktsklasse 5 og 6 skulle få sletta 25 000 kr kvart år. I valkampen vi nett har lagt bak oss var Arbeidarpartiet flinke til å skryte over ordninga, og kom sjølvsagt med garantiar for å oppretthalde den. I tillegg var eit av hovudargumenta deira å skremme folk frå å røyste Frp og Høgre, for det ville bety slutten for ordninga. At ein no, ein knapp månad etter valet ser ei kraftig reduksjon i ordninga, er rett og slett eit alvorleg løftebrot frå regjeringspartiet og ei hån mot oss som bur i distrikta. 

Sidan 2021 har prisen på mineralgjødsel auka med 70 prosent. Likevel vel Arbeidarpartiet i statsbudsjettet å setje ei ytterlegare avgift på matproduksjon. I praksis vil det svekkje beredskapen, sjølvforsyningsgrada og ikkje minst motivasjonen til norske matprodusentar for å fortsetje å produsere kortreist og rein mat til forbrukarane. I tillegg vil det føre til auka matvareprisar, i ein bransje der nokre få tener seg styrtrike, medan resten av oss må betale meir for maten. Sjølvsagt utan at det går i bøndene sin favør. Det er ikkje rett at bøndene skal måtte lide økonomisk for å optimalisere drifta og brødfø ei stadig aukande befolkning. 

Det er tydeleg at Senterpartiet ikkje lenger sit i regjeringskontora. Budsjettet til Arbeidarparti-regjeringa er rett og slett distriktsfiendtleg. Det er provoserande at viktige prosjekt som Hafstadfjelltunellen ikkje vert nemnd, og Stad skipstunell vert skrinlagt på grunnlag av ei kostnadsauke på 4,4 milliardar. Samtidig vil regjeringa bruke 300 millionar ekstra på regjeringskvartalet, eit prosjekt som er estimert å koste 53,5 milliardar kroner. 

Budsjettet regjeringa no har lagt fram viser ei uansvarleg styring. Budsjettet råkar distrikta, spesielt hardt råkar det innbyggarane i Sogn og Fjordane. At Arbeidarpartiet gjorde eit historisk godt val her i fylket med lovnadar dei no har brote, gjer nok ikkje berre vondt for dei som røysta Arbeidarpartiet på valdagen. Det gjer òg vondt for oss som ville støtte ei Arbeidarparti-leia regjering som såg, og kjempa for heile landet.

Jonas Haugsbø og Tora Røyseth Førde,

nestleiarar i Sogn og Fjordane Senterungdom 

Powered by Labrador CMS