Arbeidarparti-ordførarane i Sogn og Fjordane ber helseministeren gripe inn
– Vi kan ikkje akseptere ei nedbygging av helsetilbodet i Sogn og Fjordane. Staten må ta eit større ansvar, seier Ap-ordførarane i kommunane under Helse Førde i ein felles appell til helseministeren.
Dei peikar på at planane om å samle ortopedi og barseltilbod til Førde, kutte i ambulansetenesta og byggje ned DPS-strukturen, vil svekke tryggleiken til folk i distrikta.
– Dette handlar ikkje berre om økonomi, men om liv og helse. Reisetidene er lange, og det handlar om tillit til at innbyggjarane våre får rask og nær hjelp, seier dei tolv AP-ordførarane.
Kommunane understrekar at dei sjølve ikkje har økonomiske musklar til å overta ein større del av helserekninga.
– Våre budsjett er allereie pressa til det ytterste. Dersom meir ansvar vert skyvd over på kommunane, vil det i praksis svekke både helsetilbodet og andre velferdstenester.
Ordførarane ber no regjeringa tilføre meir ressursar til helseføretaka og sjå på helseføretaksmodellen, slik at lokalsjukehusa kan riggast for framtida – ikkje byggjast ned.