8. MARS – Ein dag er ikkje nok
På den internasjonale kvinnedagen, 8.-mars, har det vore mange arrangement som har sett søkelys på kvinner sin situasjon, både nasjonalt og internasjonalt. Men for å oppnå full kvinnefrigjering, dvs. slutt på all ekstra utbytting av kvinner, må det kjempast kvar einaste dag i åra framover.
Kvinner utgjer fleirtalet som held hjula i gang i helse, omsorg, oppvekst og handel men møter framleis systematiske forskjellar i løn, stillingsstørrelse og økonomisk tryggleik. Mange jobbar ufrivillig deltid og får lågare pensjonsopptening som konsekvens. Dette er ikkje naturgitt – det handlar om kvinneundertrykkande politiske prioriteringar.
Raudt meiner vi treng eit krafttak for heiltidskultur, betre grunnbemanning og ei lønsutvikling som faktisk verdset kvinnedominerte yrke. Målet om 6 timars arbeidsdag må ikkje skrinleggast, slik andre parti har gjort. Eit rettferdig arbeidsliv, krev faste stillingar, trygge vilkår og aktiv kamp mot diskriminering og trakassering.
Likestilling og slutt på all utbytting av kvinner, handlar om meir enn ord – det handlar om økonomisk fridom og reell makt over eige liv. Derfor vil Raudt setje ei radikal forbetring av kvinnelege arbeidstakarar sine vilkår høgt på den politiske dagsorden.
Gunn Margit Thovesdatter Olsen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane