Meiner norsk landbruk ikkje vil overleve utan kraftfôr

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, meiner norske bønder ikkje treng å skamme seg over den auka bruken av kraftfôr i mjølkeproduksjonen.


18 prosent av kosthaldet til mjølkekua i 1960 var kraftfôr. Ifølgje NRK hadde dette talet auka til 43 prosent i 2013.


Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, seier til Nationen at alt landbruk måtte ha vorte omplassert til landsdelane med best jord, om kraftfôrbruk vart avvikla. Han seier landbruksnæringa har som mål å utnytte ressursane vi har her til lands og produsere så mykje mat som mogleg.


– Frå 50-talet til i dag har mjølkevolumet auka frå 2000 liter til 7500 liter per ku. Det gjev mindre utslepp. Landbruket er mykje meir effektivt enn kva det var på 60-talet, seier Felde til avisa.


Felde er usamd i at kraftfôr er for rimeleg, og peikar på at det er dyrare enn gras.


I forsvaret av kraftfôrbruken, løftar bondelagsleiaren fram at næringa nyttar store mengder kraftfôr i område der graset er lite proteinrikt. Samstundes meiner han det er naudsynt at bøndene freistar å auke kvaliteten på grasavlingane for å justere ned bruken av kraftfôr.


– Det er eit poeng at meir soya vert brukt. Det tar vi på alvor. I tida framover jobbar vi for betre proteininnhald i det vi dyrkar, seier Felde. (©NPK)