Ifølgje Mattilsynet har dei begynt å følgje opp dårleg dyrehald meir systematisk enn tidlegare. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Mattilsynet forbyr fleire å ha dyr

Mattilsynet slår hardare ned på tilfelle med langvarig dårleg dyrevelferd. I fjor fekk nesten 80 personar forbod mot å ha dyr samanlikna med 30 i 2017.


Talet på politimelde tilfelle auka frå rundt 25 i 2017 til omtrent 45 i 2018. Det viser Mattilsynets årsrapport , ifølgje Nationen.


Mattilsynet skriv i rapporten at kronisk dårleg dyrehald gir mange dyr lidingar over lang tid, og at tilsyn med slike dyrehald sjeldan gir ønskt effekt.


– Vi har derfor byrja å følgje opp desse dyrehalda meir systematisk enn tidlegare. Dyrehalda må anten vise varig betring eller fasast ut raskare, skriv Mattilsynet.


Tala i årsrapporten seier ikkje noko om auken i forboda mot dyrehald er knytt til kjæledyr eller produksjonsdyr.


– Vi kjem med meir detaljerte tal om det seinare, seier seksjonssjef Torunn Knævelsrud i Mattilsynet til Nationen.


Ho seier at dei har god oversikt over produksjonsdyr i jordbruket, men at det er meir krevjande å oppdage tilfella med dårleg dyrehald knytt til kjæledyr. (©NPK)