Foto: Ingvild Parr/NPK.

Manglar oversikt over tusenvis av arva våpen

Over 50.000 arva våpen er på avvegar. Politiet fryktar dødsbua kan hamne i feil hender.


– Det er vårt ønske at vi skal ha full kontroll over dei våpena som vi har i samfunnet vårt. Då er det problematisk at det er såpass mange våpen som vi ikkje har kontroll på fordi dei har tilhøyrt folk som no er døde, seier Sissel Hammer, seksjonssjef i Politidirektoratet, til NRK.


Det er ei oversikt frå politiet datert 15. mai som viser at dei ikkje har oversikt over totalt 50.017 våpen.


(©NPK)