Mange vil plukke jordbær i sommar

Jordbærprodusentane i Valldal i Møre og Romsdal frykta mangel på jordbærplukkarar i sommar. Difor la dei ut ei annonse på Finn.no, og no har over 200 meldt interesse.


Det skriv Nett.no.


Plukkesesongen startar om om lag ein månad. Vanlegvis er det 350–360 sesongarbeidarar hos bøndene i Valldal. 80–90 prosent av sesongarbeidarane kjem frå Polen, resten frå andre land.


Det vil kome ein del utlendingar i år òg, men det er framleis usikkert kor mange. Bøndene i Valldal vil derfor også tilsette søkjarar som bur i Noreg fast.


Av nordmennene som har søkt er det unge, studentar og skuleelevar som dominerer søkjarlista.


(©NPK)