Naturmøteplassen til Steintøff 4H i Steinhovden, Flora kommune.

Mange vil lage Draumeplassar

14 lokalmiljø i fylket har søkt om å bli ein av vinnarane av Draumeplassen 2018, der premien er 100 000 kr og hjelp til å skape ein naturmøteplass.

15. mai gjekk fristen ut for å søkje om bli ein av fem vinnarar av Draumeplassen. Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak konkurransen, som er støtta av Gjensidigestiftelsen.

- Veldig gledeleg at så mange har søkt. Det å skape møteplassar i nær-naturen er noko som engasjerer positivt, smiler prosjektleiar Roger Eide i 4H Sogn og Fjordane.

Fleire ut i naturen

- Det er god geografisk spreiing mellom dei som har søkt, og det er mange ulike organisasjonar som står bak dei lokale søknadene, forklarar Eide og held fram:

- Naturmøteplassane gjer til at fleire kjem seg ut og nyttar nær-naturen. Det er mange gode plassar som er planlagt rundt omkring, både ved sjøen, i skianlegg, i skogen og langs turstiar.

Vil ha nasjonal konkurranse

Juryen som skal kåre dei fem vinnarane skal no setje seg i lag og gå gjennom alle søknadane, og så blir vinnarane utropt i juni.

- Juryen får ei interessant, utfordrande og inspirerande oppgåve med å komme fram til dei fem vinnarane, trur Roger Eide.

Najonal konkurranse

Draumeplassen-konkurransen vart lyst ut i Sogn og Fjordane for første gong i 2015, og så på ny i 2017, begge gonger med støtte frå Gjensidigestiftelsen. 4H har mål om at Draumeplassen på sikt vil bli ein nasjonal konkurranse.

- Vonleg får vi til ny konkurranse i Sogn og Fjordane i 2019, og truleg også i nye fylke. Det blir stas når vi skapar Draumeplassar over heile landet.