– Det er stas å få lov til å dele ut denne prisen til Kjersti Wøien Håland og Hege Hauff Hvattum, sa leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Målprisen 2019 vart delt ut under eit allmøte på Firda i dag.

«Lovleg» tildelt Målprisen 2019

Forfattar Kjersti Wøien Håland, som har skrive TV- og nettserien «Lovleg», vart tysdag tildelt Målprisen 2019 saman med produsent Hege Hauff Hvattum. Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, delte ut prisen under eit allmøte på Firda vidaregåande skule.

Gjennom dagleg oppdaterte episodar og oppfølging på sosiale media har serien «Lovleg» gjennom to sesongar fått sjåarar over heile landet til å følgje med på opplevingane til Gunnhild, Luna, Sara, Peter og dei andre i skule- og hybellivet rundt Firda vidaregåande skule.



Eit levande bruksspråk

– Kjersti Wøien Håland har skrive eit utruleg flott manus, og tankane og skriftspråket derifrå har Hege Hauff Hvattum og staben hennar sytt for å få med inn i heile produksjonen. «Lovleg»-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk, sa Magne Aasbrenn under prisutdelinga på Firda i går.

Forteljarteknisk har publikum fått følgje serien med korte filmsnuttar på nettet og på Instagram, før episodane har gått på fjernsyn.

– Skriftleg tekst spelar ei større rolle i denne serien enn vanleg, og både tekstinga av serien, nettstaden og Instagram er på nynorsk, framheva mållagsleiaren.

Naturleg del av kvardagen

Han meiner kunnskapen om korleis det er å leve i distrikts-Noreg kan vere totalt fråverande på det sentrale Austlandet.

– Det festar seg lett ei mistyding om at nynorsk berre er eit språk som finst i skulebøker. «Lovleg» viser at nynorsk er ein naturleg del av kvardagen for mange i Noreg og er slik sett ei gåve til lærarar som underviser det store fleirtalet som berre har nynorsk som sidemål, understreka han.

Ved sida av å bruke nynorsk, har serien også kvalitetar som gjer at han får sjåarar i alle aldrar til sjå verda frå synsvinkelen til 16-, 17- og 18-åringar på vidaregåande skule.

– Jakta på kjærleiken og leitinga etter kven ein sjølv er blir kombinert med stort alvor og meiningslaus tulleåtferd. Serien viser kor vanskeleg det er å kommunisere ekte med andre menneske, ikkje minst med foreldre som ein gjerne vil fri seg frå, men samtidig er avhengig av og ikkje vil skuffe, sa Aasbrenn.

Han er lektor i vidaregåande skule, og tykkjer serien er realistisk.

– Eg kjem til å bruke «Lovleg» i undervisinga i skulen framover, peika han på.

– Heider og takk

Aasbrenn har forståing for at det er sett i gang ein underskriftsaksjon for å få fleire sesongar av serien.

– «Lovleg» har fått mange fans gjennom året, også i nabolanda våre. Serien har gjeve oss ein språkleg kjerneressurs, eit godt drama og fine opplevingar. Eg vil rette ein stor takk til Kjersti Wøien Håland og Hege Hauff Hvattum for å ha gjeve oss «Lovleg», sa mållagsleiaren.

Mållaget har delt ut Målprisen sidan år 2000.

– Prisen går til personar eller institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Han fungerer både som heider og som takk. Samtidig set prisen søkjelyset på målsaka. Tidlegare mottakarar er mellom andre Jon Fosse og Linda Eide. I 2017 gjekk prisen til VG-redaktør Gard Steiro fordi ha opna VG for nynorsk. I fjor var mottakaren Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter i Førde.

Noregs Mållag har i dag kring 13.000 medlemmer.