Lindebjerg gleder seg til å vise Shetland og norsk historie

Dag Lindebjerg vil vise både natur, kultur og historie under lesarturen til Shetland 24.-28. august. Sjølv trivst han godt på øyane, og er sikker på at mange vil få ei heilt ny oppleving.

Lindebjerg fortel at ei reise til Shetland har det meste på programmet. Han ser fram til å ta med lesarane til Firda Tidend dit, og meiner øyriket vest i havet er staden å vere om ein vil lære om Noreg. På plass i landskapet vil han fortelje historia som knyter Noreg og Shetland saman.

Kan visualisere vikingtida

– På denne turen vil vi besøke historia. Vi vil stå på staden der Harald Hårfagre hoppa i land. Då er det lett å sjå det føre seg, å visualisere historia. Det synest eg er kjempekjekt, seier Lindebjerg.

Han forklarer at Noreg har få bygg att frå vikingtida. Shetland har få tre, og bygga vart difor laga i stein. Over 3000 år gamle hus står såleis enno oppreiste.

– Vi vil sjå historia i landskapet, og Shetland byr på fenomenale turmogelegheiter. Det er det eg ser mest fram til, seier han.

Ambisiøst program

Lindebjerg trur dei som ikkje har vore på vesterhavsøyane før, vil få ei aha-oppleving av ein av våre næraste naboar.

– Ein får oppleve Noreg og Shetland si felles historie, det set mange pris på. Ein vil nok sitje att med ein fascinasjon av samfunnet åleine i havet, fortel han.

– Vi vil bevege oss overalt. Dei fleste seglar til Lerwick, går på pub, og seglar heim att. Då har dei vore på Shetland, seier dei, men historia ligg alle andre stader enn i Lerwick. Difor gjennomfører vi eit ambisiøst opplegg, der vi vil innom fleire av øyane.

Lang norsk historie

Lindebjerg forklarer at Shetland i mange år var norsk, etter at nordmenn slo seg ned og sette preg på øyane på 700-talet. Frå då råda norskekongen over Shetland fram til Danmark tok over i 1469. Danmark gav Shetland til Skottland i medgift, men framleis har mange nordmenn familie der.

– Øyane har veldig mykje gammal, norsk historie. Vi vil besøkje sentrale stader frå vikingtida, til dømes Haroldswick. Haroldswick er oppkalla etter Harald Hårfagre, og var hovudområdet for norske vikingar. Vikingane har gjort Shetland til noko anna enn andre øyar. Frå Bergen til Lerwick segla dei på eitt døgn, medan det tok mange dagar til Oslo. Såleis blei Shetland svært norsk, fortel han.

Besøk til «Shetlands-Larsen»

– Vi vil i tillegg besøkje stader som var busette før nordmennene kom, somme stader hadde skotske keltarar allereie slått seg ned. Som del av Skottland levde dei harde liv under dei skotske jarlane.

– Shetlandsøyane var ein viktig del i første, men særleg andre verdskrig. Fleire tusen nordmenn flykta dit. Det var ein rømmingsstad, og det vart oppretta basar for sabotasjeoppdrag der. På lesarturen vil vi besøkje huset til «Shetlands-Larsen». Der kjem eg til å fortelje om «Shetlandsgjengen». Vi vil køyre Shetland på langs, frå fyret på nord- til sørspiss, gjennom magiske stader, fortel Lindebjerg.

Shetland i dag

Turen vil ikkje berre dreie seg om historie, men òg natur, kultur og korleis Shetland fungerer i dag.

– I dag er Shetland formelt ein del av Skottland, men er sjølvstyrt. Næringsvegen liknar på mange måtar Vestlandet i Noreg, der jordbruket står sentralt. Shetland har den største olje- og gassterminalen i Europa, og har såleis gått frå harde kår til rikdom på kort tid, forklarer han.

– Øyane har ein eineståande natur, med badestrender, fjell, og sandbru. Vi vil få flotte naturopplevingar på turen. Dessutan får vi oppleve kultur, særleg musikk. Dei shetlandske pubane byr på fenomenal skotsk/norsk folkemusikk, fortel Dag Lindebjerg og legg ikkje skjul på at han gleder seg til lesarturen i slutten av august.