Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Kverrsette førarkort i Jølster

Kverrsette førarkort i Jølster

Utrykkingspolitiet tok fredag morgon førarkortet frå ei utanlandsk kvinne. 

Kvinna, som var på veg mot Vassenden i Jølster, køyrde så vinglete at politiet vart varsla.

– Vedkomande var edru, men køyringa vart skildra som så dårleg at førarkortet vart kverrsett. Vi har også fått liknande meldingar om denne bilføraren tidlegare, opplyser politiførstebetjent Torbjørn Sælen.