Norsk Countrytreff sette publikumsrekord i 2022 med 17.920 selde billettar. Her frå konserten med Hellbillies på hovudscena laurdagen.

– Vi stiller med eit utruleg sterkt program

12. juli er det berre å ta på seg hatten, spenne på seg bootsa og vende nasen mot Breim for årets countrytreff, det 27. i rekkja.

Det er vanlegvis hestane som rår på Norsk Fjordhestgard i Breim. Men den andre veka i juli løftar dei kanskje hovudet og snusar litt ekstra på eit nytt drag i lufta som går over bøane på Råd.

28 band

Då rir det nemleg ein ny sheriff inn på garden. Det er tid for Norsk Countrytreff.

Artikkelen held fram under annonsen.

28 band over 5 dagar, 800 dugnadssjeler og tusenvis av besøkande. Denne oppskrifta har sørga for at countryfestivalen i Breim sakte, men sikkert har vakse seg til å bli ein av Vestland sine største kulturarrangement.

– Programmet i år er utruleg sterkt, seier festivalsjef Vegar Sårheim.

Han er nytilsett i jobben, og gler seg til å feste sin første festival under beltespenna.

Og det er ikkje små namn ein finn på artistlista.

Josh Turner

– Josh Turner er sjølvsagt høgdepunktet, og vi er svært glade for å ha fått han til Breim.

Turner er ein tungvektar i countrymusikkens verd, med fem topp-plasseringar på hitlistene i USA, og ein karriere som strekkjer seg over 20 år.

– Han er nok ein av dei aller største artistane vi har hatt på Norsk Countrytreff nokosinne, konstaterer Sårheim, og fortel at han har fått mange positive tilbakemeldingar på hovudtrekkplasteret.

– Vi har vore heldige og hatt besøk av mange store namn opp gjennom åra, slik som Emmylou Harris, Tanya Tucker og Carlene Carter, men dei er kanskje mest populære for eit meir vakse publikum. Turner trur eg fenger alle aldersgrupper, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yngre målgruppe

– Det er fint å kunne nå ei ny målgruppe med eit stort amerikansk namn, ikkje berre dei store norske som Vassendgutane, Byting og Gunslingers, seier han.

Han peikar på at det har vore ein bevisst strategi frå artistnemnda si side å prøve å femne så breitt som mogleg, både aldersmessig og sjangermessig.

– Vi har publikum frå 18 til 70 år, noko som sikrar god spreiing og veldig god stemning, smiler han.

Mange høgdepunkt

Festivalsjefen synest det er vanskeleg å trekkje ut éin favoritt mellom årets artistar, men innrømmer likevel at han er svak for honkytonk-sjangeren.

– Dale Watson går på scena fredag, det gler eg meg veldig til. Men det er så mange sterke namn at det er vanskeleg å trekkje ut nokon, seier han og nemner mellom andre Steffen Jakobsen, Embla and the Karidotters, Dag Erik Oksvold og Charlie Rackstad & The Sticklesbergen Ramblers.

Dugnad med stor D

Eit slikt arrangement er prisgjeve dugnadsvillige sjeler som støttar opp, og på det området stiller Norsk Countrytreff sterkt, med 800 dugnadsfolk i sving før, under og etter festivalen kvart år.

– Eg reknar med at dei fleste som bur i Gloppen prioriterer å vere heime første ferieveka, anten for å jobbe dugnad eller for å gå på festival, seier han og held fram:

– Her er mykje som skal på plass, men vi er bra i rute. Vi har ein stabil hovudkomité som er spesialistar på dei områda dei jobbar med. Det er klart at utan den hovudkomiteen og utan alle dei frivillige som stiller opp, hadde det ikkje vore mogleg å arrangere eit så pass stort og flott arrangement som det Norsk Countrytreff er.