Kviven duo med Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg har samla slåttar frå heimtraktene sine på Sunnmøre og Nordfjord.Foto: Kristin Støylen

Tostemt slåttespel over Kviven

Fjellet Kviven skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre og har vore ei ferdselsåre i hundrevis av år. No kjem folkemusikkgruppa Kviven duo med si første plate der dei sameiner nye og gamle slåttar frå områda på kvar side av fjellet.

Duoen består av dei erfarne meisterspeldamene Jorun Marie Kvernberg frå Volda og Britt Pernille Frøholm frå Hornindal. Debutalbumet deira har fått namnet «Kvakksalvar-Guri» og inneheld 16 danseslåttar. Plata er også det nystarta plateselskapet «Kviven Records» si første utgjeving.

Feleslåttar frå Nordvestlandet

Frøholm og Kvernberg kastar nytt lys over musikk som har levd i heimtraktene deira i fleire hundreår. Det musikalske utgangspunktet er tradisjonelle feleslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre generelt, Hornindal og Volda spesielt – bygder som dei to utøvarane har sterk tilknyting til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har medvite leita etter lokal ting. Som relativt ny duo var vi opptekne av å finne musikk frå området vi kjem frå. Vi vil at folkemusikken frå Nordvestlandet skal kome meir fram, seier Britt Pernille Frøholm til Nynorsk pressekontor.

Sterke band

Frå gammalt av har det vore sterke band mellom bygdene Volda og Hornindal, med spelemenn som vandra att og fram over fjellet Kviven for å dele slåttar og finne tonen saman. I 2012 stod Kvivsvegen ferdig og gjer at ein kan køyre gjennom fjellet i tunnel på kort tid. Det nyt Kviven duo godt av og har utveksla slåttar som aldri før. Utgjevinga til Kviven duo skjer også same året som Volda og Hornindal søkjer saman gjennom kommunesamanslåing.

Fascinerande livshistorier

– Vi har bite oss merke i alle personkarakteristikkane i den lokal folkemusikken. Kvar slått har si historie å fortelje og det har fascinert oss, fortel Frøholm.

– Livshistoriene til kjeldene våre følgjer med oss på vegen fram. Dei har inspirert oss og hjelper oss med å setje retning for framføring og arrangement. Vi har historiene om Syvdsnesen som kappspelte med Ole Bull, og som brende fela si på dødsleiet, Lars Eriksen Brendefur som i krigsteneste rundt 1810 imponerte prins Christian August med felespelet sitt, og Myre-Mons som under bryllaupsspeling vart svimeslått av ein tommel som kom fykande gjennom lufta! Også den uredde 246-åringen Kvakksalvar-Guri kviknar til når vi hiv oss inn i leiken hennar! forklarer Jorun Marie Kvernberg.

Kvikk og spenstig dansemusikk

Duoen brenn for den tradisjonelle folkemusikken, og har ein visjon om å gi den gode levekår i samtida. Slåttemusikken har dialektar på same måte som talespråket i landet vårt.

– Sunnmøre og Nordfjord har mange fellestrekk i låtmaterialet, men har litt ulik spelestil. I begge områda finn vi slåttar som er veldig kvikke og spenstige, og har høgt tempo. Vi har prøvd å halde oss til tradisjonen. Dette er dansemusikk – bruksmusikk, men på nokre av slåttane har vi funne vår måte å formidle på, seier Britt Pernille Frøholm.

Kviven duo har funne tonen med slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre.Foto: Kristin Støylen

Tradisjonelt, men tostemt

– I Kviven duo kjem slåttane og tradisjonen med eit sett kodar og framføringspraksisar som vi prøver å halde fast ved, samstundes som vi vil levandegjere og aktualisere den gamle musikken, seier Kvernberg.

Dei to felespelarane har kvar for seg lang fartstid som utøvande musikarar på heiltid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Interessa for tradisjonsmusikken ligg i botnen for alt vi to gjer som enkeltutøvarar i alle slags konsept; Jorun Marie mellom anna i nyskapande folkemusikkband som Majorstuen og eg sjølv både som tradisjonsutøvar og som samtidsmusikar i til dømes prosjektet «Poems for Hardanger fiddle», fortel Frøholm.

På plata «Kvakksalvar-Guri» boltrar dei seg i den tradisjonelle musikken samtidig som dei tek han eitt steg vidare inn i det harmoniske med tostemt spel.

Meisterspelarane Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg i Kviven duo har kome med plate med folkemusikk-skattar frå Sunnmøre og Nordfjord.Foto: Kristin Støylen

Konsertar på vent

Dei to erfarne folkemusikarane i Kviven duo hadde gledd seg til mange konsertar etter platesleppet. Slik blir det ikkje.

– Både Hardanger, Nordfjord og Oslo stod på programmet. No er alt avlyst på grunn av koronasituasjon. Det er trist, men ikkje noko å gjere med. Vi kjem uansett sterkare tilbake, understrekar Britt Pernille Frøholm.