Tilbake etter pause

Den tradisjonelle Skeitreffen, som såg dagens lys i 1974, har vore litt til og frå sidan Jon Skrede sa takk for seg som arrangør i 2015.

I fjor vart den godt innarbeidde trekkspelfestivalen avlyst grunna pandemien. Men i år er den tilbake med dei to unge trekkspelentusiastane Emil Horstad og Elias Eide i spissen.

Elias Eide frå Skei er med som arrangør av Skeitreffen for andre gong. Med seg på arrangørsida har han Emil Horstad frå Naustdal.

Unge arrangørar

Dei to arrangørane Emil Horstad (24) frå Naustdal og Elias Eide (20) frå Skei har begge eit brennande engasjement for trekkspelet, både som konsertinstrument og som dansespelinstrument. Begge har, trass sin unge alder, mange år bak seg som musikarar. Emil Horstad har utdanning frå Musikkhøgskulen og fartstid frå musikklina på Firda. Også Elias Eide har gått på Firda og er no student på NTNU. Begge vart i si tid løfta fram av Jon Skrede og fekk spele på Skeitreffen

Dei to karane var involverte i Skeitreffen første gongen i 2017, då i lag med Osterøy Trekkspelklubb. I fjor sette pandemien stoppar for Skeitreffen, men i år er den altså tilbake. Eide og Horstad stiller som hovudansvarlege for arrangementet for andre gong.

Skeitreffen handlar mykje om sosialt samvær og buskspel. Arkivfoto frå 2018.

Ungdom i fokus

– Trekkspelet har gjerne eit rykte på seg for å vere for dei eldre, men i år presenterer vi ungdomen. Blant anna kjem Marius Berglund, Ingeborg Ulberg Sommar og Ásta Soffía Þorgeirsdóttir, som alle er nyutdanna musikarar i 20-åra og som brenn for trekkspelmusikken, fortel arrangørane i ei pressemelding.

Dei lovar mykje god musikk både på konsertar og under dansen om kveldane, der grupper frå heile landet vil spele.

Det blir også eit spelekurs med Marius Berglund, ein ung musikar og musikklærar frå Ringsaker som er utdanna frå Musikkhøgskulen og som har gitt ut eit notehefte.

Det ligg såleis an til ei spennande og triveleg helg på Skei i slutten av oktober.