Perla på Sandalsstrand

Omtrent halvvegs langs sørsida av Jølstravatnet, mellom Sandalen og Myklebust, ligg det idylliske Astruptunet.

Her levde den etter kvart verdskjende kunstnaren Nikolai Astrup, og her produserte han mesteparten av kunsten sin, enten det handlar om måleri eller tresnitt.

Publikum kan i år mellom anna studere korleis gamle torvtak blir restaurerte.

Museum

Nikolai Astrup døydde i 1928, 48 år gammal, og kona Engel (36) sat att med ein stor barneflokk og eit tunkompleks som skulle haldast ved like. I tillegg skulle ho ta seg av alle gjestene som etter kvart kom for å sjå heimen til kunstnaren som allereie før sin død var godt kjend, i alle fall i kunstinteresserte krinsar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 1960-talet vart tunet selt til Jølster kommune, som tidleg på 80-talet reiste eit nytt eldfast galleri og magasinbygg for å vise fram kunsten til målaren, grafikaren, gartnaren og småbrukaren som hadde ein urokkeleg kjærleik til naturen i heimbygda, noko som går att i motiva hans.

Stor hage

Nikolai Astrup hadde ein stor hage der han dyrka bær, frukt og grønsaker. Ein del av produksjonen gjekk til å lage vin, ein vin som var sterkt etterspurd i bygda, spesielt til festlege høve som bryllaup.

Denne hagen er no under restaurering, leia av kompetente menneske innan landskapsarkitektur, kulturminne og bygningskultur.

Også bygningane er under restaurering, og det er frå fleire hald blitt sagt at Astruptunet kanskje er den viktigaste kunstnarheimem i Europa, at det er eit nasjonalt og internasjonalt fyrtårn, og at det er eit anlegg av nasjonal og internasjonal interesse.

Det store restaureringsprosjektet har ein prislapp på om lag 50 millionar kroner, og er i hovudsak finansiert av Sparebankstiftinga DNB, i tillegg til Sunnfjord kommune.

Formidling

Restaureringa av tunet og hagen er ein del av formidlinga som publikum får servert i prosjektperioden som i utgangspunktet varer ut neste år. Dei som besøker Astruptunet vil sjå korleis handverkarar og gartnarar arbeider, og dei vil sjå gode eksempel på antikvarisk reparasjon av dei gamle husa i tunet.

I tillegg er der i år ei utstilling som fortel om «den første tundirektøren», Engel Astrup. Ho var tekstilkunstnar og produserte mellom anna bunadsforkle og gardin med mønster av Nikolai Astrup

Original kunst, både måleri og tresnitt, er også å finne på årets utstilling, så ein tur i Astruptunet er noko flest mogeleg bør ta seg tid til i sommar.