Prest Geir Sørebø skal arbeide i Jølster julaftan.

På jobb julaftan – presten

Namn: Geir Sørebø Bur: Bjordal i Høyanger Yrke: Prest På julaftan: I Helgheim og Vassenden kyrkje

Publisert

Når kyrkjeklokkene ringer jula inn over landet 24. desember, er det om lag 8 prosent av oss nordmenn som tar turen inn i kyrkja. På ein vanleg søndag resten av året er det i underkant av 2 prosent som fyller kyrkjebenkane. 

.

For fulle hus

Julaftan er difor den dagen då prestane står framfor sitt største publikum. 

I Jølster er det Geir Sørebø som ønskjer kyrkjelyden velkomen. Han pensjonerte seg i 2018, og har si andre jul som vikarprest i Jølster. Før det virka han som prost i både Sogn og Nordhordland. 

At så mange menneske finn vegen inn i kyrkjerommet julaftan, synest han er veldig kjekt. 

– Det at dei som elles gjennom året ikkje går til kyrkje, finn det kjekt å kome her denne dagen, er berre fantastisk. Eg skulle ønskje at alle, uansett kva tru og bakgrunn dei har, ville kome og delta i julegudstenesta. Jesus vart fødd mellom eit mangfald av ulike menneske, og det er slik jula skal vere, alle blir inviterte inn i fellesskapet, seier han. 

– Ofte er det ein varm, god og hyggjeleg atmosfære her, og det rådar ei heilt spesiell stemning av glede og forventing.

Balansen 

Samtidig som mange gler seg, er jula likevel ei tid der kanskje litt vonde kjensler piplar opp til overflata. Jula blir ein av desse stoppestadane i årsløpet der ein blir minte på det som er vrangt og vanskeleg, og på dei som ikkje er her lenger. 

– Jula kan vere ei vanskeleg tid, det må ein ha med seg. 

Sørebø hugsar godt korleis bestemora hans fleire julaftnar sat og grein. 

– Når vi andre hadde det som kjekkast, så tok bestemor til tårene fordi ho sakna bestefar som hadde døydd nokre år tidlegare. 

Det å finne balansen i preika han held denne dagen, er han svært bevisst på. 

– Mange, særleg ungane, gler seg enormt til denne dagen. Ein skal ikkje ta vekk denne gleda, det ville bli feil om det vart ei sørgjegudsteneste. Men samtidig må ein prøve å gjere det på slik ein måte at dei som har det vanskeleg kan oppleve varme, trøyst og omsorg denne stunda.  

– Utfordrande

Juleevangeliet får, naturleg nok, ein stor plass i ei julegudsteneste. Dei siste åra har det fått ein annan resonans, fortel Sørebø. Betlehem ligg i Palestina, i det som i dag er Vestbredden. 

– Det at Jesus sin fødestad er blitt ein del av ei krigssone, er vanskeleg å kome forbi. Jesus sjølv var fødd inn i ein flyktningfamilie. Det samfunnet vi feirar jul i og den idyllen vi opplever i Noreg,  er ganske fjernt frå det som var Jesus sin start. Lidingane som føregår i Midtausten i dag, harmonerer meir med korleis det var på Jesu si tid, seier han og innrømmer at han synest det er eit vanskeleg tema å snakke om. 

For kjernen i Juleevangeliet er fredsbodskapen, meiner Sørebø. 

–  Spenninga med denne bodskapen og den faktiske situasjonen ein opplever i Midtausten, gjer det til ein utfordrande og spennande situasjon å vere prest og predikant i, seier han. 

Julefreden 

Likefullt ser han fram til stunda i kyrkja den 24. 

– Eg gler meg, absolutt, og det å oppleve god song i kyrkja er nok eitt av høgdepunkta, smiler han.

For er det nokre salmar vi kan, så er det julesalmane.  

– Det er den gudstenesta i året det blir kraftigast song, der både store og små syng med den stemma dei har. 

Og julefreden, den kjem, om enn i ei anna form.

– For min del finn eg ikkje julefreden ved å leggje meg på sofaen og høyre på julemusikk. Det har eg heller ikkje tid til som prest. Det er nettopp under julegudstenestene eg finn den verkelege julefreden. Når evangeliet vert lese og lovsongen lyder, då kjenner eg freden sige inn, finn roa og får god energi. Eg opplever det nok meir stressande heime når ein må passe på juletre, pynt, mat, pakkar og alt som skal vere på plass for å dekke forventingane i familien, smiler han. 

Powered by Labrador CMS