Norsk Countrytreff må avlyse

Norsk Countrytreff må avlyse Barnas Country og konsertar med Vassendgutane og Folk Flest, som var planlagde 1. og 2. oktober.

– Slik retningslinjene for smittevern er i dag, og med usikkerheit for når det blir oppslepp, ser vi ingen annan utveg enn å avlyse dei planlagde konsertane, seier dagleg leiar Arve Kleppe i ei pressemelding.

Norsk Countrytreff hadde sett fram til å arrangere Barnas Countrytreff og konsert på festivalområdet 1. og 2. oktober, som eit plaster på såret for at årets festival vart avlyst. Etter ei grundig vurdering av aktuelle smitteverntiltak og dagens smittesituasjon, har festivalleiinga kome fram til at det ikkje er mogleg å gjennomføre konsertane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi planla å setje opp eit sirkustelt på arenaen, der både Barnas Country på fredagen, og konsertane på laurdagen skulle haldast. På arenaen medfører avgrensingane ei rekkje logistikkutfordringar og tiltak som ikkje let seg løyse på ein god måte. Slik smittesituasjonen er no, er det heller ikkje forsvarleg å samle borna i Gloppen og deler av Sunnfjord til eit felles arrangement. Vi er utruleg leie oss for at det ikkje blir noko av, seier Kleppe.

Barnas Country var planlagt som eit gratisarrangement, medan billettane til konsertane med Vassendgutane og Folk Flest førebels ikkje var lagde ut for sal, men fleire ihuga fans hadde meldt si interesse for musikkfesten.

– No går vi på med liv og lyst for å planlegge og gjennomføre ein skikkeleg festival til neste år. Mykje er allereie på plass, og vi ser fram til å kunne ynskje publikum velkomne til festivalområdet 13.-17. juli 2022.