Professor og statsvitar Benedicte Bull kjem til «Verda og vi» for å snakke om Latin-Amerika i ei ny verdsordning.

– Latin-Amerika er viktig i det storpolitiske spelet

– Det skjer veldig mykje i Latin-Amerika no som er viktig i det globale politiske spelet, seier statsvitar og professor Benedicte Bull.

Ho er invitert til Sandane av «Verda og vi» 13. mars. Då skal ho snakke om «Latin-Amerika i en ny verdensorden».

– Det skjer mykje

Latin-Amerika er enkelt sagt Mexico og alt land i Sør-Amerika, og strekkjer seg såleis over to kontinent. Ein annan definisjon er alle spansk- og portugisisktalande land sør for Rio Grande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er eit område Benedicte Bull har inngåande kunnskap om. Ho har skrive fleire bøker og ei rekkje artiklar om latinamerikansk politikk og økonomi.

– Latin-Amerika er langt borte, men nett no skjer det veldig mykje i den globale storpolitikken som også er fletta inn i vår eigen kvardag på ulikt vis. Det vil eg prøve å få fram, seier ho og peikar på at det i stor grad har med naturressursar å gjere.

Latin-Amerika sit nemleg med fleire nøklar i det grøne skiftet.

Metall og mineral

I Latin-Amerika finst til dømes verdas største reserve av litium, som er viktig i framstillinga av batteri til bruk i mellom anna el-bilar. Her finn ein også verdas største koparreservar og fleire sjeldne mineral. Dessutan er Latin-Amerika rikt på energi frå både vatn og vind.

– Ikkje minst har Venezuela verdas største enkeltreservoar av olje, peikar Benedicte Bull på.

Den andre årsaka til at Latin-Amerika er sentral i det storpolitiske spelet, er den spente situasjonen mellom Kina og USA.

– Nett no er det ei rivalisering mellom USA og Kina og forholdet til Russland. Her har Latin-Amerika prøvd å tenkje nytt og vere ein aktiv og alliansefri aktør som ikkje følgjer opp verken Vestens politikk eller politikken til Kina og Russland, seier Benedicte Bull.

I realiteten er Kina blitt den viktigaste handelspartnaren til Sør-Amerika etter store kinesiske investeringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politisk dreiing

Forholdet mellom USA og Kina har også endra seg.

– Ei årsak til at Latin-Amerika er blitt så viktig for Kina, er den politiske dreiinga i USA, som prøver å gjere seg mindre avhengig av Kina, og flyttar amerikanske bedrifter til Latin-Amerika, noko først og fremst Mexico tener på. USA og Kina har vore veldig knytt saman, forklarer Benedicte Bull.

Desse storpolitiske utviklingstrekka vil ho fortelje om, og i tillegg krydre framstillinga med konkrete historier frå regionen.

– Enkelte trur kanskje Latin-Amerika er for spesielt interesserte, men eg vil prøve å få fram at alt heng i hop, og at det som skjer langt vekke, er fletta inn også i vår kvardag. Kanskje kan eg til og med finne ei kopling til Sandane, seier ho.

Benedicte Bull vil også kome inn på Noreg si rolle i Latin-Amerika.

– Vi har ei høg stjerne som tilretteleggjar for dialog mellom ulike partar. Dessutan har fleire norske bedrifter etablert seg i Latin-Amerika, slik at vi også har økonomiske interesser og er med i spelet om ressursane, seier professor Benedicte Bull.

Ho har ikkje vore til Sandane før og gler seg til å kome hit.