Det blir mykje god musikk å danse til under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Førde i byrjinga av august.

– Landsfestivalen kjem heim

2.-6. august går Landsfestivalen i gammaldansmusikk av stabelen i Førde. Det er venta rundt rekna 1.000 deltakarar og truleg fleire tusen tilreisande til bygdebyen desse dagane.

Og det var nettopp i Førde det heile starta, i 1986. Eit prøveprosjekt som dåtidas Landslaget for spelemenn, LfS, stod bak, og som var så vellukka at det er blitt årvisst sidan – med unnatak for ein toårig koronapause.

LfS er no erstatta av FolkOrg – interesseorganisasjon for folkemusikk og folkedans, som eig Landsfestivalen. Indre Sunnfjord Spelemannslag er lokal arrangør i 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

Danselyst og glede

Deltakarane er spelesugne og lette å be, så Førde kan vente seg mykje god og glad musikk frå onsdag til søndag første veka i august.

Konkurransen er delt i fleire klasser, der lagspel og gruppespel pleier å ha størst merksemd.

Det var Indre Sunnfjord spelemannslag som laga rammene for konkurransen for 37 år sidan, og malen er stort sett den same når dette laget på nytt brettar opp ermene og legg til rette for storfest. Men klassane er blitt fleire i løpet av åra, no har også dansarane fått plass i konkurransen.

3.000 tilreisande

Leiar i hovudnemnda for festivalen, Leon Årdal, ser fram til travle, men kjekke sommardagar med gammaldansmusikk frå tidleg til seint.

– Det kan kome framimot 3.000 tilreisande. Dette vil sjølvsagt setje sitt preg på heile sentrum, smiler han og fortel at sjølve arrangementet går føre seg i Førdehuset, men at arrangørane vil prøve å få til aktivitet også andre stader:

– Vi håpar å få ulike grupper til å bruke scena på torget. Elles vil sentrum bli prega av flyers som fortel at Landsfestivalen er i Førde.

– Heng høgt å gå til topps

Sjølv om ordet noregsmeisterskap ikkje blir offisielt brukt om arrangementet, er Landsfestivalen i praksis eit NM i gammaldansmusikk og -dans.

– For utanforståande er dette i grei samanlikning. Det heng veldig høgt å gå til topps, understrekar Årdal og fortel at festivalen samlar heile det norske gammaldansmiljøet:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein svært viktig festival for folkemusikken. Folk samlast og har det kjekt i lag.

Indre Sunnfjord Spelemannslag er lokal arrangør for Landsfestivalen 2023.

Ikkje store ambisjonar

Arrangørlaget Indre Sunnfjord Spelemannslag skal sjølvsagt også på scena.

– Vi har ikkje store ambisjonar om å gjere det godt, vi er for gamle til det. For oss er det viktigaste å delta og vere med i miljøet, understrekar Leon Årdal.

Landsfestivalen startar med opningskonsert om kvelden onsdag 2. august, og så går det slag i slag til det heile blir avslutta med meisterkonsert midt på dagen søndag 6. august.