Førdefestivalen arrangerer konsertar på tre dagsturhytter, mellom anna hytta i Trivselsskogen ved Sandane. Foto: Kari Hamre/NPK.

Førdefestivalen arrangerer konsertar på tre dagsturhytter

Dagane 22.–24. september inviterer Førdefestivalen og Barnas Turlag til gratiskonsertar ved tre av dagsturhyttene i Sogn og Fjordane.

Som så mange andre festivalar vart Førdefestivalen avlyst i sommar grunna koronapandemien. No tilbyr arrangøren musikkopplevingar for små og store utover hausten.

Eitt tiltak er konsertar ved dagsturhyttene i Sogndal, Førde og på Sandane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samarbeidet med Barnas Turlag er ikkje av ny dato, men det er første gong vi samarbeider utanom sjølve festivalen i juli, seier direktør for Førdefestivalen, Per Idar Almås, i ei pressemelding.

Det er multimusikar Stein Villa som skal lage stemning med sine mange instrument, songar og stubbar på dei tre dagsturhyttene.

– Til dagsturhyttekonsertane går vi saman med dei lokale turlaga frå parkeringsplassane til hyttene, der det blir ein halvtimes utekonsert med multimusikaren Stein Villa. Vi håpar dette skal bli fine «ut på tur-opplevingar» i septemberskumringa for små og store. Som ansvarleg arrangør følgjer vi smittevernreglane som gjeld, og kjem til å registrere publikum før avgang til hyttene. Dei som eventuelt kjem direkte til hyttene, vil bli registrerte der, seier Almås.

(©NPK)