Kerberos, hunden med tre hovud, er på utlån frå Opera Nordfjord. Maskene var opphavleg rotter brukte i oppsetjinga «Nøtteknekkaren». – Elevane har gjort ein fantastisk jobb med å forme dei om til hundar, seier Ingeborg Stige.

– Elevane har jobba verkeleg hardt for å skape ei flott framsyning

Komande fredag, 17. februar, er det premiere på årets Firda-musikal, og temaet denne gongen skil seg ein del frå tidlegare år.

Store smil, store danserørsler og fram for alt skodespelarar med overskot som brått bryt ut i song. Det er nok det mange forbind med musikal. Dantes ni sirklar av helvete ligg difor ikkje lengst framme i pannebrasken når ein skal tippe tema for musikalen på Firda vidaregåande skule dette året.

– Nei, det har ikkje vore laga noko musikal av Dantes Inferno før, så vidt eg veit, ler Ingeborg Stige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er dramalærar på Firda vidaregåande skule, og er regissøransvarleg for årets musikalframsyning.

Spøk

Sist sommar skreiv ho difor eit manus basert på originaldiktet til Dante.

Det heile byrja som ein spøk då ho og musikklærar Olai Førsund prøvde å finne ut kva årets musikal skulle vere.

– Nokon snakka om Dantes Inferno, og eg berre sa spøkande: det er ikkje det som er årets musikal, då? Med éin gong eg hadde sagt det, fekk vi begge heiltenning på det.

Ho fekk låne med seg den tjukke boka heim av ein kollega, og byrja å lese.

Det vart tidleg klart at det ikkje var noko enkel oppgåve å prøve å forme dette om til ein publikumsvenleg musikalversjon. For diktet av den italienske diktaren er ei mørk materie, med ein hovudperson, Dante sjølv, som flyttar seg gjennom ni ringar der ein blir straffa for ulike variantar av synd utført på jorda.

– Det tyngste var eigentleg forma på teksten, fordi det går på vers og rim, med eit krevjande språk.

Dantes Inferno

Eitt av tre dikt i «Den guddommelege komedie» av Dante Alighieri; Inferno (Helvete), Purgatorio (Skjærsilden) og Paradiso (Paradiset).

Inferno er sett saman av 34 songar, og skildrar Dante si ferd gjennom helvete, leia av den romerske diktaren Vergil.

Vergil fører Dante gjennom dei ni sirklane i helvetet, der kvar sirkel huser stadig verre syndarar, heilt inn til jordas sentrum, der Satan blir halde fanga – fastfrosen, opp ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle mann på dekk

Men dei to hadde bestemt seg.

– Ja, vi berre måtte gjere dette. Litt av grunnen er nettopp fordi det i veldig mange tradisjonelle musikalar er berre nokre få hovudroller, og det blir difor ei skeiv fordeling av kor mykje kvar enkelt er med. Men her er det meir eit ensembleverk. Alle er på scena heile tida, det er nesten ikkje dialog og få solonummer. Det er alle mann på dekk, heile tida, understrekar dramalæraren.

Mykje av jobben har gått ut på å skrelle vekk alt som ikkje lenger kjendest aktuelt.

Som tidlegare er elevane sterkt involverte, og har fått løyse både praktiske og kunstnariske oppgåver undervegs i planlegginga. – Eg blir alltid overraska over kor mykje betre ting blir når ein lar elevane sleppe til. Ting blir alltid mykje kulare enn kva vi lærarane hadde fått til åleine, seier Ingeborg Stige (ståande i midten).

Verkemiddelfest

– Ting som eg måtte google meg til har eg fjerna, smiler ho, og fortel at verket i si tid vart sett på som ein sterk kritikk av kyrkja.

– Vi har prøvd å rette det meir mot ei undring rundt behovet vi har for å straffe.

For Dante har verkeleg vore fantasifull når det kjem til ulike metodar for straff som syndarane må gjennom. Musikalen har i seg litt av originalteksten, men kjernen i manuset er bileta Dante har skapt av dei ni sirklane, og mange av skildringane i diktet er svært grafiske. Ifølgje Stige har nettopp det vore ein stor fordel, perfekt i ei teatersetting.

– Vi har brukt mange ting som ikkje er tradisjonelle i ein musikal, men som vi har i teateret, slik som masker, dokker og videoprojisering. Det har vore ein veritabel verkemiddelfest å leike seg med, når ein først kom seg forbi den litt tunge materien.

Tidlaust

Dei har bevisst unngått å dra inn samtidige kommentarar og notidas politiske klima, og heller fokusere på det universale og tidlause og prøve å gje framsyninga eit eksistensielt tilsnitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har valt å forske på den menneskeleg naturen, og kva vi er i stand til å gjere med kvarandre. Kva det er som bur i oss, utdjupar ho, og held fram:

– I Dante si skildring av helvete og i vår musikal, er det gode skildringar av oss som art og mykje mørk humor. Så sjølv om temaet er helvete, så trur eg ikkje folk vil oppleve det som ein tung musikal.

– Har jobba verkeleg hardt

Ho understrekar at det til slutt er opp til publikum å finne si meining i det, og trur at det vil vere mange tolkingar av stykket.

– Mange vil nok synest det er grotesk og voldsomt, medan andre kanskje kan synest det berre er vakkert. Uansett er det ikkje ei familieframsyning vi har lagt opp til, og ein bør kanskje ikkje ta med dei yngste borna på årets musikal, smiler ho, og legg til:

– Vi håpar mange tar turen for å sjå, elevane har jobba verkeleg hardt for å skape ei flott framsyning.