Randi Finne og Knut Arne Heggen er klare for sesongen. Dei håpar å sjå mange, både nye og kjende fjes, innom Den norske bokbyen dei komande månadane.

Brebygda som elskar bøker

I Den norske bokbyen i Fjærland står 150 000 bøker, fordelte på fire hyllekilometer, og berre ventar på å bli plukka opp og få sjansen til å leve eit nytt liv i nye hender.

Det er noko eige med Fjærland. Dei rolege gatene, det grøne vatnet, og den friske lufta nærast snakkar til deg. Det er kanskje ikkje så rart. Ord er noko denne vesle bygda har vore oppteken av lenge.

Fylt med bøker

I hyller og skur, rett ved kafébordet eller roleg kvilande i ein gammal fjøsglugge, overalt finn du millionar på millionar av ord, gøymde inne i bøker som berre ventar på å bli plukka opp og sleppte fri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er 150 000 av dei, faktisk.

Her finn du barnebøker, kokebøker, glade bøker og triste bøker, faktabøker og eventyrbøker. Dei har det meste.

– Om du stiller opp alle bøkene vi har etter kvarandre, får du ei bokhylle som er fire kilometer lang, seier dagleg leiar i Den norske bokbyen AS, Randi Finne.

Dugnadshjelp

Bokbyen i Fjærland vart offisielt opna i 1996, og har i dag eit titals utsal fordelte utover i heile Fjærland sentrum Mundal. Du kan plukke med deg bøker frå både ferjeventerom, bank, fjøs, fryseri og postlokale.

Saman med ein stor dugnadsgjeng i bygda, og eigar av Straumsvåg Antikvariat, Kjell Arve Straumsvåg, har Finne brukt vinteren på å rydde i bøker og hyller.

– Saman har vi i år jobba mykje med å fornye oss, og har gjort om på heile butikkstrukturen. Samstundes har vi gjennomført ei skikkeleg opprydding i boksamlinga. Mange nye bøker er komne inn i løpet av vinteren, seier Finne.

Arrangement

Finne er leiar for den kommersielle delen av bokbyen, medan Knut Arne Heggen er nytilsett i stillinga som leiar for Stiftinga Den Norske Bokbyen. Han er glødande oppteken av bøker. No gler han seg til å ta fatt på sin første sesong i sognebygda.

– Eventyrlyst og kjærleiken for litteratur gjorde at eg søkte på stillinga, men eg må innrømme at eg er ekstra tiltrekt av ideen om å stelle til arrangement med den flotte ramma som bokbyen og Fjærland gir, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av og til er alt ein treng ein trekant med bøker.

Boknatt

Heile sesongen er ikkje spikra enno, men Boknatta er fast i kalenderen til bokinteresserte både i og utanfor gamlefylket. 16. og 17. juni returnerer den populære litteraturfestivalen for 26. gong, og er like gammal som Den norske bokbyen sjølv.

– Hovudgjest i år blir Brynjulf Jung Tjønn, som i fjor gav ut den populære diktsamlinga «Kvit, norsk mann». Det gler vi oss veldig til, seier Heggen.

I tillegg til Jung Tjønn, kjem forfattaren Lina Breidablik for å prate om debutromanen hennar; «Heime Aleine». Det blir òg musikk med duoen «Chansons Internationales».

– Dei skal spele folkemusikk frå heile verda, og byr på eit variert repertoar med både opprørs- og protestsongar, og fine, vare klagesongar, utdjupar han.

Store og små

Festivalen håpar å fenge heile familien, og har fleire aktivitetar for dei unge.

– Vi har fleire ting på trappene, men kan ikkje avsløre alt, smiler Heggen, og legg til:

– Litteraturbåten Epos skal legge til kai her, og skal huse eitt eller to barnearrangement om bord.

– Eg trur det skal bli veldig kjekt for både store og små med litt liv på fjorden, konstaterer Finne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Døgnet rundt

Bokbyen er open kvar dag fram til midten av september, og skulle du kome til Fjærland anten grytidleg eller seint på kvelden, har du likevel sjansen til å få tak i lesestoff.

– Ja, fleire av utsala våre baserer seg på sjølvbetening. Her vil du kunne få plukke med deg bøker frå hyller og skur, heile døgnet rundt, fortel Finne.

– Og den typiske bokbygjesten?

– Det er vanskeleg å seie, vi får all slags folk innom her. Mange veit ikkje at det er ein bokby her ein gong, men har likevel stor glede av å besøke oss. Så er det nokre som kjem innom med spesifikke interesser som leiter etter akkurat DEN boka, eller forskarar som har leita hos bokhandlarar eller bibliotek utan hell. Vi får mange slike e-postar i løpet av året. Uansett er det berre å spørje oss, vi hjelper så godt vi kan, seier Randi Finne.