Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Køyretøytenester blir endra

Mellom 25. og 28. april vil alle tenestene for køyretøy vere utilgjengelege hjå Statens vegvesen. Nye løysingar skal installerast og gamle system skal oppdaterast.


I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å kjøpe prøveskilt, levere salsmelding, betale omregistreringsavgift, registrere om køyretøyet eller avregistrerte det.


Frå 29. april kan du ikkje lenger betale omregistreringsavgifta på ein trafikkstasjon, du må betale direkte til Skatteetaten ved å nytte Statens vegvesen sitt eige system for sjølvbetening. Det vil ikkje lenger vere mogleg å betale denne avgifta på trafikkstasjon.


Du må også legitimere deg ved levering av salsmelding på papir, noko du kan gjere ved å levere den digitalt på vegvesen.no eller fysisk oppmøte på trafikkstasjon. (©NPK)