Magnar Falkenstein og Raudt gjekk i mot dei framlagde sparetiltaka.

Korona skapar vanskar for lokaldemokratiet

Sunnfjord kommunestyre skulle etter planen hatt møte torsdag. Det vart, som så mykje anna i desse tider, utsett.



I staden for kommunestyremøte vart det eit videomøte for formannskapet. Dette likte ikkje partiet Raudt i indre Sunnfjord (RIS) som har sendt brev til ordføraren og peika på at partia som ikkje har plass i kommunestyret på denne måten misser stemmeretten sin.

Vil ikkje godta

Brevet frå Raudt er datert 20 mars, altså nesten ei veke før kommunestyremøtet, og er underteikna lokallagsleiar Pàll H. Hanneson og partiet sin representant i kommunestyret, Magnar Falkenstein. I brevet peikar dei på at ordføraren har sendt ut varsel om at formannskapet kan få fullmakt til å overta kommunestyret sine funksjonar  framover, noko dei meiner formannskapet ikkje har heimel for å gjere i kommunelova. Dei to representantane for RIS er peikar også på at demokratiet blir trua ved at tre parti som sit i kommunestyret, men ikkje i formannskapet, no kan misse sin plass i det politiske systemet.

– Som du veit er korkje Raudt indre Sunnfjord, Frp eller Uavhengig (Kjell Navelsaker) med i formannskapet som dermed misser sin stemmerett i kommunestyret. Dette kan vi i Raudt indre Sunnfjord ikkje godta. Ei slik ordning vil vere eit klart brot på viktige demokratiske spelereglar, skriv dei to politikarane.

Ikkje heimel

Raudt indre Sunnfjord meiner ordføraren opererer på sida av lova når han brukar hasteparagrafen i kommunelova som grunnlag for å overføre makt frå kommunestyre til formannskap.

– Vi kan ikkje sjå at slik delegering av politisk makt frå kommunestyre til formannskap, som skal vere langvarig, og røvar to politiske parti sin rett til å stemme over saker i kommunestyret, har heimel i lova. Hastevedtak etter hasteparagrafen, § 13 i kommunelova, kan ikkje formannskapet sjølv vedta utan vidare. Hasteparagrafen kan berre brukast om formannskapet, eller andre, tydeleg har fått løyve til det av kommunestyret, skriv dei to Raudt-politikarane og kjem med framlegg til løysing på korleis den politiske møteaktiviteten kan organiserast framover.

Tre alternativ

Raudt indre Sunnfjord kjem med tre alternativ til måtar å avvikle kommunestyremøta på, og det eine går på å avvikle møta som «fjernmøte» i tråd med regjeringa si forskrift om avvikling av fjernmøte i kommunale og fylkeskommunale organ som tiltak for å avgrense koronaepidemien. Eit anna alternativ meiner dei kan vere at kommunestyret gjer som Stortinget og halverer seg, men at alle partia blir med etter det styrkeforholdet dei har i kommunestyret. Som tredje alternativ føreslår Raudt indre Sunnfjord at dei og Frp får mellombels sete i formannskapet.

– Raudt indre Sunnfjord kan ikkje, eller vil ikkje, gje frå oss det mandatet våre representantar har frå folket. Derfor er det ikkje tilfredsstillande å få møterett og talerett i formannskapet, men ikkje stemmerett, slik du har tilbydd. Medan denne tilstanden varer, vil vi krevje stemmerett i formannskapet, om møte i formannskapet og ikkje kommunestyret, blir einaste mogelege løysing framover, heiter det til slutt i brevet frå Raudt.

Tilbod om møterett

Ordførar Olve Grotle tilbaud altså Raudt, Frp og uavhengig representant Kjell Navelsaker møterett og talerett i formannskapsmøtet torsdag, men ikkje stemmerett.

Frp sin representant i kommunestyret, Terje Johan Helgheim frå Jølster, var også skeptisk til dette forslaget frå ordføraren, og gjorde det før møtet torsdag klart at han som medlem i kontrollutvalet ikkje kunne møte, men ville sende vara.

– Eg har innsett at det må brukast kriseløysingar no, men samtidig er det behov for å tenkje løysingar vidare for dette dreg ut i tid. Kan dei halde formannskapsmøte, så er det eigentlig også mogleg å gjere det same med kommunestyremøte, sjølv om det blir litt meir krevjande, sa Helgheim då vi snakka med han eit par dagar før møtet.



Skal prøve med fjernmøte

På formannskapsmøtet torsdag, som altså fungerte som kommunestyremøte, vart det bestemt at neste kommunestyremøte skal gjennomførast som fjernmøte. Dagen etter seier Olve Grotle følgjande om dei politiske prosessane framover:

– I møtet blei det fastsett at vi skal prøve å ha kommunestyremøtet i slutten av april som fjernmøte. Blir dette gjennomført (vi vil bli godt over 50 deltakarar) på ein god og forsvarleg måte, blir dette regelen framover. Det same vil i stor grad gjelde for andre politiske møte.

Resultatet av dette er at dei politiske prosessane i Sunnfjord kommune i stor grad vil skje som tidlegare. Ettersom kommunestyremøtet i dag var avlyst, gjorde formannskapet nokre vedtak etter den såkalla «hasteparagrafen» i kommunelova og delegeringsreglementet vårt. Alle vedtak om at ein skulle behandle dei aktuelle sakene etter «hasteparagrafen» var samrøystes, og det same var tilfelle i sjølve vedtaka i sakene.

For å motverke eit demokratisk underskot, var dei partia som ikkje er representert i formannskapet, til stades i dagens formannskapsmøte med talerett. Eg meiner formannskapet i dag har lagt eit godt grunnlag for at dei politiske prosessane og vedtak framover kan bli gjort på ein god måte og i samsvar med reglane og prinsippa i kommunelova, avsluttar ordføraren.

 

Ordførar Olve Grotle og kommunedirektør Ole John Østenstad får snart åtte nye millionar inn i kommunekassa.