Knefall for kolonimakter og rovdyrkapitalistar?

Lesarinnlegg av Ola Bergheim, Byrkjelo:



Ifylgje eit større forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet har vi mykje å takke Sunnfjord Energi (SE) og SFE for. Forskar Gunnar Yttri  oppsummerte hovudkonklusjonane slik i debattartikkelen «Kraftselskap i særklasse?» i Firda 28.11.2018:

«Dei største kraftselskapa i Noreg har selt eit stort tal norske småkraftverk til utanlandsk kapital. Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi har sytt for at norske grunneigarar sjølve eig og driv kraftverka… Hadde BKK, E-CO, Statkraft og andre store norske kraftselskap følgt same line som SFE eller Sunnfjord Energi, kunne langt fleire småkraftverk i dag ha vore i norsk eige. Det er ei linje som har sikra langsiktig lokal verdiskaping og eigarskap, men kanskje ikkje store økonomiske gevinstar her og no.»

Yttri rosar SE og SFE og skriv at: «…Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi peikar seg ut i ein nasjonal samanheng. Ein kan gjerne spørja om SFE og Sunnfjord Energi er kraftselskap i særklasse».

Rovdyrkapitalistar og kolonimakter

Tidlegare H-statsminister Kåre Willoch kalla selskap som gjer seg rike på fellesressursar utan omsyn til andre brukarinteresser og/eller sel dei til utlandet berre for profitten si skuld for «rovdyrkapitalistar».

«Kolonimaktene» kalla historikaren Leiv Nordstrand dei i boka «Lys og kraft til bygdenes behov…Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993». Dei kapitalsterke rovdyra utanfrå som jafsa til seg dei saftigaste kraft-indrefiletane på 1900-talet.

BKK klagar fælt i media over at dei kom like seint til kraftkolonistane si deling av Sogn og Fjordane på 1900-talet som Tyskland til kolonimaktene si deling av Afrika på 1800-talet. Men BKK har trass alt gjennom eigarskapen i SFE, SE og Sognekraft hand om  50% meir av kraftressursane i fylket enn fylkeskommunen sjølv gjennom SFE.

Yttri dokumenterer at området Gloppen-Jølster-Førde har største tettleiken av småkraft i landet. Eg har siste 15-20 åra litt frå sidelina fylgt med på småkraftutbygging. Om ikkje fortenesta til no har vore så stor, har det gjeve den nødvendige tryggleiken til viktige investeringar. Spesielt til å investere fleire hundrede millionar i nye driftsbygningar desse åra for å oppfylle nye lausdrift- og dyrevelferdskrav. Og dermed trygge det lokale ressursgrunnlaget for milliardbedriftene Nordfjord Kjøtt, Tine Byrkjelo og Nortura i Førde.

Yttri dokumenterer her kor mykje større ringverknader lokale selskap som tek langsiktig samfunnsansvar kan gje. I høve til  store urbane snevre selskap med kortsiktige profittmotiv.

Kolonist-rovdyra er mykje dei same både når det gjeld småkrafta og den store krafta. Sjølv om namna har skifta. E-CO heitte Oslo Lysverker då dei rett etter krigen, ifylgje Nordstrand, betalte rundt to millionar kroner for like mykje kraft frå Aurland som SFE, SE og Sognekraft har til saman…

Boka Dynamikk i borehullene (1977) vart ein samfunnsfagleg klassikar med sin analyse av små kommunar i møte med profesjonelle kraftutbyggarar med Aurland som hovuddøme. Forskarane tilrådde som motvekt organiseringa av kraftkommunane til det som i dag er LVK med 175 medlemskommunar. Ei heilt nødvendig organisering – landsmøtet nyleg vedtok å høge medlemskontingenten på grunn av «de utfordringer medlemskommunene står overfor når det gjelder de stadige angrepene på kommunenes rettigheter».

Kolonist-rovdyra og vinden

Vi finn ikkje uventa desse kolonist-rovdyra også bak vindselskapet Zephyr som har lurt Flora-samfunnet trill rundt i samband med  utbygging på Guleslettene.

I intervju i BT 14.09.2018 og DN 14.11.2018 seier ordførar og varaordførar og Naturvernforbundet at dei er «overkøyrt, lurt og bondefanga». Og rettar knallhard kritikk mot Zephyr. Og mot NVE som sleppte Zephyr altfor fritt.

NVE og Zephyr har andre versjonar. Vi nøyer oss med å peike på kolonist-rovdyra si evne til som kamelonen å endre farge, ikle seg tillitsvekkande namn og fine grunngjevingar.

Den greske guden for den milde vestavinden Zephyrus var gift med gudinna for regnbogen og er forbunden både med blomsterenger og frukt.

Bak dette flotte tillitsvekkande namnet finn vi som stiftar og hovudeigar kolonist-kjenning Østfold Energi. Kraftlause Østfold (Oslo eig kraftstasjonane i Glomma) som i Lærdal etter krigen sikra seg dobbelt så mykje kraft som vårt eige fylke har i SFE. Østfold som var av dei som selde småkraftverk kjøpt opp i andre fylke til utlandet under selskapsnamnet Grønkraft.

Zephyr/Østfold Energi sin profittmaksimerande rovdyrmodell er i fylgje DN 14.11.18:

«Selskapet har som forretningsidé å planlegge vindkraftprosjekter, forhåndsselge kraften, for så å selge prosjektene til utenlandske infrastrukturinvestorer. I rekordåret 2016 ga det 147 millioner kroner i overskudd før skatt.»

«Turbokapitalistar» ser vi dei blir kalla i vindkraftdebatten, selskapa som går for rask kortsiktig forteneste. Vi noterer oss at BKK har valt Zephyr som sengepartnar når det gjeld vindkraft.

Zephyr si forteneste er delvis avhengig av eit urettferdig reglement for nettleige som gjer at SFE og vi som er deira nettkundar måtte betale 170 millionar for å få straumen frå Guleslettene på nettet.

Vi noterte oss difor stortingsrepresentant Tore Storehaug si opplysning i Firda 3.april om at BKK i møte med stortingskomiteen alltid har argumentert mot utjamning av nettleiga og meint den skal vere som no.

Det er då BKK som må bevise at dette ikkje er ein årsak-verknad-samanheng. At BKK ikkje driv lobbyverksemd for å sikre millionforteneste til forretningspartnar Zephyr og seg sjølv, på kostnad av oss vanlege straum- og nettavhengige kundar.

BKK, krafta og nettleiga

Storehaug si opplysning om at BKK dreiv intens lobbyverksemd for å hindre utjamning av nettleiga verka i første omgang uforståeleg. For det vil jo innebere at BKK med vel 1/3 av aksjane både i SFE, SE og Sognekraft med forsett har tapt titals millionar på urettferdig høg nettleige. Og med opne auge finn det lønsamt å tape pengar også dei neste åra? Då må jo den potensielle økonomisk-strategiske gevinsten vere langt større, fleire hundre millionar, kanskje milliardar. For BKK med Statkraft som strategisk avgjerande aksjonær.

Men når ein finles BKK si årsmelding om framtidige forretningsområde, ser ein jo sjølvsagt – i tillegg til satsing på vindkraft – lovprising av og store forventningar til forteneste ved krafteksport via nye kablar til England/Skottland. Vi les i mange nettartiklar at Statnett siste åra og dei komande åra driv storstilt utbygging/oppgradering av overføringsnettet mellom landsdelane/utlandet. Som vil gje alle høgare nettleige dei komande åra. Samtidig som stadige endringar i nett-tariffane systematisk skubbar kostnadene over på fornybarfylka og den kraftkrevjande industrien der, til store protestar og mediedebatt siste åra.

Di meir vi no her i fylket sjølve gjennom landets suverent høgaste nettleige betalar ned nettet som om få år skal føre vår kraft ut av fylket og landet, di svakare blir energiselskapa i fylket til å motstå fiendtlege oppkjøp. Med SE som tilsynelatande den svakaste og lettaste å skilje frå flokken. Og di meir av vass- og vindkrafta vi gjev over til BKK og Oslo-Statkraft og dei andre kolonist-rovdyra som Østfold-Zephyr – di større blir deira forteneste når utanlandskablane er klare! Det må jo vere ei nøkkelinvestering og eit draumescenario å kunne effektkøyre heile Sogn og Fjordane for maksimalprofitt ved utanlandseksport!

Dette er jo sjølvsagt konspirasjonsteoriar og mistru til solide samfunnsinstitusjonar som Statkraft/Statnett og våre store ærverdige kraftselskap som vi vanlegvis berre finn i krim-, fantasy- og horrorlitteratur (og enkelte nettsamfunn).

Men Oslo kommune har siste året brukt milliardar på kraftoppkjøp som blir grunngjeve med forventningar om prisauke ved utanlandseksport…

Utanlandskablar og forteneste

Og diverre blir dette underbygd i «krimnovella» «Kraftkabler, samfunnsnytten, miljøet og kraftselskapene» i tidskriftet Samfunnsøkonomen 1-2019 av professor Anders Skonhoft ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU.

Som Nettavisen slår stort opp 19.2.2019, går kritikken hardast ut over Statnett sine utrekningar og påstandar om at utanlandskablane er samfunnsmessig lønsame. Utan å fortelje at dei er lønsame for kraftselskapa, men ulønsame for forbrukarar og industri. Skonholt sine utrekningar viser årlege overskott på 1,7-2,6 milliardar til kraftprodusentane. Rekninga går til naturen, forbrukarane og industrien. Han meir enn antydar i fagartikkelen i Samfunnsøkonomen at dette er medviten villeiing frå Statnett og dei store selskapa si side. Og altså forsøk på milliardsvindel, utan å seie det heilt eksplisitt.

When will we ever learn?

“When will we ever learn» er omkvedet i «Where have all the flowers gone».

Vi vil alle at våre lokalsamfunn skal bløme som hagar. Vi bør då hente fram og lære av dei historiske erfaringane frå den store vasskraftutbygginga her i fylket før 2000. Så vi ikkje også i vårt årtusen blir lurte på same måten av dei same eksterne kolonist-rovdyra som våre beste- og oldeforeldre.

Våre lokale selskap som SE og SFE har tent oss godt som dokumentert innleiingsvis om småkrafta. Eit nærare utviklingssamarbeid mellom dei både på gamle og nye område vil tene fylket best. Samanslåingar med BKK der Statkraft er styrande eigar vil som skissert ovanfor kunne gje auka kolonistisk utbytting av fylket. Om vi vanlege straum- og nettkundar held fram med å vere godtruande sauer.