Bjørn Uddal er stolt fiskar av den første og største laksen så langt.

Knallstart på laksesesongen

Ved midnatt sto fiskarane klare ved Gloppeelva. Allereie ti minutt inn i årets fiskesesong drog ein nøgd fiskar frå Austlandet første laksen på land.



Bjørn Uddal hadde fiska i Gloppeelva éin gong tidlegare, men har aldri fått ein fisk så stor som denne. Første laksen for sesongen veg 13 kilo blank, og er 109 centimeter lang.

– Fantastisk oppleving

– Den kjendest ikkje så svær ut, men etter kvart som det gjekk nokre minutt tok den til å bli litt villare og drog nedover elva. Då vart det ein kamp mellom mann og fisk, som ein seier. Det gjekk vel 20 til 25 minutt, så var han heilt utsliten. Heldigvis møtte eg Øyvind frå lokalmiljøet med håv. Då var fisken blitt så sliten at vi håva han rett på land, fortel Uddal.

– Det var ei fantastisk oppleving. Pulsen steig, eg er ein stolt kar, legg han til.

Uddal skal fiske i Gloppeelva fram til måndag, og satsar på ny fisk så snart kviletida er over.

Nøgde fiskarar

Utover natta drog fiskarane i land tre laksar til, før det var på tide å kvile.  I morgontimane i dag fekk dei endå tre, men den første er den største så langt. Totalt sju laksar første natta er dei godt nøgde med, men dei ser det fornuftig med pausar for å la elva kvile mellom slaga.

Første natt og morgon hadde greie forhold, sjølv om sju grader på morgonen var litt kaldare enn ønskjeleg.